Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Stil, sjanger og tradisjon

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB203
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje etnomusikologisk og historisk kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk med sideblikk til andre europeiske tradisjonar.

Innhald:

Ei kort orientering om folkemusikkforsking i dei nordiske landa inngår. Hovudvekta blir lagt på å identifisere viktige stilsjikt i det nordiske materialet, og på instrumental og vokal praksis i ulike periodar og sjangrar, ikkje minst når det gjeld samspelsformer. Omgrepa stil, sjanger og tradisjon skal drøftast og problematiserast, og det skal undersøkjast kva vi veit om den historiske utviklinga av ulike stiltrekk fram til i dag. Døme på ulike måtar å formidle folkemusikk på i nordiske tradisjonar kan stimulere til å utvikle studentane si eiga formidling. Nokre musikkdøme vil bli innstudert instrumentalt/vokalt av studentane.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse: Kunnskapar

Studenten ..

* har fordjupa kunnskap om nordisk tradisjonsmusikk og kan sjå kva plass den eigne tradisjonen har i ein større samanheng

* har kunnskap om eldre og nyare samspelsformer, og om retningar som har vakse fram når det gjeld arrangering og sjangereksperimentering.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan spele/syngje nokre døme på tradisjonsmusikk frå andre nordiske land og kan bruke kunnskapen om stiltrekk i det tradisjonelle materialet i kreativt arbeid med arrangering og samspel.

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser evne til å setje seg inn i faglitteratur og musikkdøme frå eit breitt fagområde, og til å leggje fram sentrale problemstillingar i skriftleg form.

Tilrådde forkunnskapar

Emnet byggjer på MOB107 Tradisjonskunnskap 2 eller tilsvarande kunnskapar.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

 Undervisninga blir gjeven som førelesingar og seminar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Skriftleg skuleeksamen på 5 timar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit felles litteratur- og lyttepensum.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00