Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Folkemusikkarrangering og samspel

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB205
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten kjennskap til arrangeringsmåtar for ulike instrumentgrupper i konteksten tradisjonsmusikk.

Innhald:

Emnet omfattar:

- Folkemusikkretta note- og arrangeringsteori, transkripsjon, bruk av noteskrivingsprogram

- Arrangering av folkemusikkmateriale

- Praktisk utprøving av eigne arrangement

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har kunnskap om bruksmåten til relevante instrumentgrupper og om ulike arrangeringsteknikkar for folkemusikk.

Ferdigheiter

Studenten ..

* meistrar ulike arrangeringsteknikkar for folkemusikk og kan transkribere folkemusikkmateriale som grunnlag for arrangement.

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan bruke noteskrift, ev. også andre aktuelle notasjonsformer som reiskap i arrangering og kan leie innstudering og framføring av musikkarrangement i ei gruppe.

Tilrådde forkunnskapar

Fullført MOB108 Musikkteori folkemusikk 2, eller tilsvarande.

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning tradisjonsmusikk.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Gruppeundervisning, med individuelle oppgåver og praktisk rettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Vurderinga omfattar to delar som vert vekta likt:

  1. Mappevurdering med fire godkjende oppgåver.
  2. Framføring av eitt eige arrangement.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk v/Ole Bull Akademiet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00