Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Bi-instrument for tradisjonsmusikk

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB207
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål saman med hovudinstrument å gi studenten eit utvida kunstnarleg og teknisk fundament for allsidig og sjølvstendig arbeid som musikar og utvikle ferdigheiter, kunnskap og formidlingsevne i song eller på instrument.

Innhald:

Emnet fokuserer på:

- Eigne evner som utøvar: Studenten skal utvikle grunnleggjande teknisk og musikalsk ferdigheit gjennom individuell rettleiing, eiga øving og eventuelt samspel.

- Instrumentkunnskap/stemmefysiologi. Det blir vist til relevant litteratur.

- Interpretasjons- og repertoarkunnskap: Studenten skal arbeide med stoff innanfor ein eller fleire norske eller nordiske, ev. andre lands folkemusikktradisjonar. Det er høve til å arbeide med andre sjangrar i tillegg dersom dette byggjer teknisk/musikalsk opp under bruken av instrumentet i folkemusikkrepertoar.

Emnet vert tilbydd på

- Alle instrument som Ole Bull Akademiet kan tilby undervisning på, og som kan få fram viktige stiltrekk i tradisjonsmusikken.

- Instrument som står i nær slektskap med studenten sitt eige hovudinstrument. Studentar med hardingfele som hovudinstrument kan t.d. velje vanleg fele som biinstrument og vice versa.

- Kveding/folkesong for studentar med instrument som hovuddisiplin.

Val av biinstrument skal godkjennast av studieleiinga.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har god generell kunnskap om instrumentet/om stemmefysiologi.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan framføre eit kort repertoar på biinstrumentet

* viser evne til å forme eit kunstnarleg uttrykk på instrumentet, solo og/eller i samspel.

Generell kompetanse

Studenten ..

* har innsikt til å arbeide på eiga hand med tekniske utfordringar.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, studieretning Tradisjonsmusikk eller tilsvarande.

Opptaksprøve: 10 minutt sjølvvalt repertoar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Individuell instrumental-/vokalundervisning.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på undervisning (individuell rettleiing).

- Studenten skal innstudere minst 45 min. repertoar. I samråd med faglærar kan desse inkludere inntil 10 min. ensemblespel. Repertoarliste skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ei veke før eksamenstidspunkt.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen. Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av faglærar innan ein månad før eksamenstidspunkt.

Konsertprogram på 15-20 minutt. Delar av eller heile programmet kan vere samspel.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00