Hardingfelebygging 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle vidare dugleik og kunnskapar i hardingfelebygging fram mot bygging av fullverdige instrument. Studieopplegget har opplæring under direkte rettleiing av felemakar som sentralt innhald og gir i tillegg høve til kortare studieopphald ved eit eller to andre felemakarverkstader enn hovudverkstaden.

Innhald:

Emnet omfattar:

- Materialkunnskap: Bruksområde, emneval, arbeidsmåtar

- Verktøykunnskap

- Arbeidsprosess: Frå emne til ferdig instrument

- Akustiske omsyn: Materialval, avstemming/tilpassing av delar

- Lakking

- Rigging

- Kunnskap om bygging av andre strykeinstrument

- Grunnleggjande reparasjon og restaurering

- Teori: Akustikk og organologi

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har utvikla vidare sentrale kunnskapar innanfor dei fleste områda av hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøykunnskap, akustisk vurdering av instrument, lakking og rigging, konstruksjonen til andre strykeinstrument, reparasjon og restaurering, akustikk og organologi.

Ferdigheiter

Studenten ..

* har utvikla vidare sentrale ferdigheiter innanfor dei fleste områda av hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøybruk, akustiske omsyn, lakking og rigging, reparasjon og restaurering.

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser evne til å arbeide sjølvstendig, og evne til vurdering av eigne og andres instrument.

Studiepoeng, omfang

20 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss. Høve til kortare opphald ved ein eller to felemakarverkstader andre stader.
Krav til forkunnskapar

Emnet er eit tilbod til studentar som tek fordjuping i hardingfelebygging som del av studiet. For slike studentar utgjer emnet, saman med MOB230 Folkemusikkutøving 3 og MOB209 Hardingfeledekor 1, heile tredjeårsstudiet.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår av bachelorstudiet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet, med fordjuping i felebygging som inkluderer emna MOB109 Hardingfelebygging 1 og MOB110 Felemakarhistorie.

Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider under rettleiing av hardingfelemakar. Det er førelesingar/seminar i utvalde emne.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det skal leverast inn eit opprigga eksemplar av ei hardingfele, som kan vere ei vidareføring av hardingfelekroppen som vart vurdert i MOB109 Hardingfelebygging 1, eller eit nytt instrument. Dekoren kan vere enkel, og fingerbrett og strengjehaldar kan vere utan dekor. Byggjeteknikk og akustiske eigenskapar blir vurdert.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Det blir lagt opp eit litteraturpensum i eit breitt spekter av faget, inkl. akustikk og organologi.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt
Griegakademiet - Institutt for musikk