Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hardingfeledekor 1

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB209
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss. Høve til noko undervisning hjå felemakarar andre stader.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi studenten eit godt grunnlag i utføring av hardingfeledekor og stimulere kreative evner innanfor dekor- og kunsttradisjonar der hardingfela høyrer heime.

Innhald:

Emnet omfattar:

- Dekor: Hovud (formgjeving/utskjering), innlegg av perlemor/bein, roseteikning ¿ ulike mønstertradisjonar

- To- og tredimensjonal forming, ornamentikk: Kopiering, frie oppgåver i ulike material. Geometrisk/organisk, symmetrisk/asymmetrisk ornamentikk.

- Teknikkar: Bruk av skjereverktøy, penn/pensel, fargeteknikkar, forgylling.

- Stilartar i treskjering og folkekunst: Karveskurd, akantus, rosemåling, drakestil.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har kunnskap om material- og verktøybruk som er relevant for hardingfeledekor, og om bruk av dekor både i hardingfeletradisjonen, annan folkekunst og meir generelt.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan skjere eit hardingfelehovud med godt resultat, kopiere tradisjonell hardingfeledekor, både to- og tredimensjonal, og leggje inn perlemor og bein på instrument på tradisjonell måte.

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser evne til å ta sjølvstendige faglege val med bakgrunn i rettleiing og kunstnarlege føredøme.

Krav til forkunnskapar

Emnet er eit tilbod til studentar som tek fordjuping i hardingfelebygging som del av studiet. For slike studentar utgjer emnet, saman med MOB230 Folkemusikkutøving 3 og MOB208 Hardingfelebygging 2, heile tredjeårsstudiet.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår av bachelorstudiet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet, med fordjuping i felebygging som inkluderer emna MOB109 Hardingfelebygging 1 og MOB110 Felemakarhistorie.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider under rettleiing av hardingfelemakar. Dersom det ligg til rette for det, kan studenten få noko tilleggsundervisning hjå spesialist i treskjering/folkekunst. Det er førelesingar/seminar om utvalde emne og besøk ved instrumentsamlingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen.  

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det skal leverast inn eit ferdig skore hardingfelehovud. Hovudet kan vere montert på hardingfela som blir levert i MOB208 Hardingfelebygging 2, eller leverast separat. Estetisk og funksjonell form blir vurdert.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00