Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hardingfelebygging 3

  • Studiepoeng20
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB210
  • Talet på semester2
  • Språk

    Norsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

20 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss. Høve til kortare opphald ved 1- 2 felemakarverkstader andre stader.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle vidare dugleik og kunnskapar i hardingfelebygging fram mot bygging av ferdige instrument. Studieopplegget har opplæring under direkte rettleiing av felemakar som sentralt innhald og gir i tillegg høve til kortare studieopphald ved ein eller to andre felemakarverkstader enn hovudverkstaden.

Innhald:

Emnet omfattar:

- Materialkunnskap: Bruksområde, emneval, arbeidsmåtar

- Verktøykunnskap

- Arbeidsprosess: Frå emne til ferdig instrument

- Akustiske omsyn: Materialval, avstemming/tilpassing av delar

- Lakking

- Rigging

- Kunnskap om bygging av andre strykeinstrument

- Grunnleggjande reparasjon og restaurering

- Innføring i bogereparasjon

- Teori: Akustikk og organologi

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har utvikla vidare sentrale kunnskapar innanfor alle viktige område av hardingfele¬byggjarfaget, inklusive material- og verktøykunnskap, akustisk vurdering av instrument, lakking og rigging, konstruksjonen til andre strykeinstrument, reparasjon og restaurering, akustikk og organologi.

* har kunnskapar som er tilstrekkelege for å kunne byggje hardingfeler av god kvalitet.

Ferdigheiter

Studenten ..

* har utvikla vidare sentrale ferdigheiter innanfor alle viktige område av

hardingfelebyggjarfaget, inklusive material- og verktøybruk, akustiske omsyn, lakking og rigging, reparasjon og restaurering.

* er i stand til å byggje eit fullverdig, ferdig eksemplar av ei hardingfele.

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser evne til å arbeide sjølvstendig

* kan vurdere eigne og andres kunstnarlege arbeid og kan sjå dei i samanheng med sentrale diskusjonstema i fagmiljøet.

Krav til forkunnskapar

Emnet er eit tilbod til studentar som tek fordjuping i hardingfelebygging som del av studiet. For slike studentar utgjer emnet, saman med MOB231 Folkemusikkutøving 4 og MOB211 Hardingfeledekor 2, heile fjerdeårsstudiet.

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 3. studieår av bachelorstudiet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet med fordjuping i felebygging som inkluderer emna MOB208 Hardingfelebygging 2 og MOB209 Hardingfeledekor 1.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider under rettleiing av hardingfelemakar. Det er førelesingar/seminar i utvalde emne.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjende før eksamen. 

Godkjende obligatorisk arbeidskrav er gyldige i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Det skal leverast inn eit ferdig eksemplar av ei hardingfele inklusive dekor og rigging, men dekoren blir vurdert i MOB211 Hardingfeledekor 2. Ein kan ikkje levere inn ei vidareføring av hardingfela som vart levert i MOB208 Hardingfelebygging 2, det må vere eit nytt instrument i alle delar. Heilskapen og alle delmoment unnateke dekor er med i vurderinga av instrumentet.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det blir lagt opp eit litteraturpensum i eit breitt spekter av faget, inkl. akustikk og organologi.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00