Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Folkemusikkarrangering og samspel 1

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB212
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

 Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten kjennskap til og erfaring med arrangeringsmåtar for ulike instrumentgrupper i konteksten tradisjonsmusikk.

Innhald:

Emnet tar opp tema som folkemusikkretta note- og arrangeringsteori, transkripsjon, bruk av noteskrivingsprogram, arrangering av folkemusikkmateriale og praktisk utprøving av eigne arrangement.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

¿ har kunnskap om bruksmåten til relevante instrumentgrupper og om ulike arrangeringsteknikkar for folkemusikk.

Ferdigheiter

Studenten

¿ kan nytte nokre ulike arrangeringsteknikkar for folkemusikk og kan transkribere folkemusikkmateriale som grunnlag for arrangement.

Generell kompetanse

Studenten

¿ kan bruke noteskrift, eventuelt også andre aktuelle notasjonsformer som reiskap i arrangering

Tilrådde forkunnskapar

Fullført MOB108 Musikkteori folkemusikk 2, eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

Emnet har overlapp med MOB205 Arrangering og samspill.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning samla eller i grupper. Rettleiia arbeid med individuelle oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Undervisning og oppgåverettleiing er obligatoriske krav for vurdering i emnet og deltakinga vert godkjend av emneansvarleg.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

¿ Mappevurdering med 4 godkjende oppgåver. Oppgåvene kan vere transkripsjonar, arrangement i notert form eller praktisk innstuderte arrangement.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

vår

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem

Programansvarleg

Programstyret og rektor ved Ole Bull Akademiet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon