Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Folkemusikkarrangering og samspel 2

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOB213
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

 Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten kjennskap til og trening i arrangeringsmåtar for ulike instrumentgrupper i konteksten tradisjonsmusikk.

Innhald:

Emnet tar opp tema som folkemusikkretta note- og arrangeringsteori, transkripsjon, bruk av noteskrivingsprogram, arrangering av folkemusikkmateriale og praktisk innstudering og framføring av eigne arrangement.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

Studenten

¿ har inngåande kunnskap om bruksmåten til relevante instrumentgrupper og om ulike arrangeringsteknikkar for folkemusikk.

Ferdigheiter

Studenten

¿ meistrar ulike arrangeringsteknikkar for folkemusikk.

Generell kompetanse

Studenten

¿ kan bruke noteskrift og digitale notasjonsverktøy, ev. også andre aktuelle notasjonsformer som reiskap i arrangering og kan leie innstudering og framføring av musikkarrangement i ei gruppe

Krav til forkunnskapar

Fullført MOB212 Folkemusikkarrangering og samspel 1, eller tilsvarande.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning samla eller i grupper. Rettleiia arbeid med individuelle oppgåver.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i obligatorisk undervisningsaktivitet for vårsemesteret 2021.

Krav om frammøte som obligatorisk arbeidskrav fråfell. Det er likevel forventa at studentane stiller til undervisning, fysisk eller digitalt.

Dersom studenten ikkje kan delta i undervisning kan arbeidskrava erstattes med heimeoppgåver.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

Undervisning og oppgåverettleiing er obligato-riske krav for vurdering i emnet og deltakinga vert godkjend av emneansvarleg.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsform for vårsemesteret 2021.

Det planleggast for gjennomføring av framføring med gjeldande avgrensingar i antall medverkande og publikum. Ved Covid-19 relaterte årsaker (f.eks. fråfall frå sensor) kan opptak (audio og video) brukes som grunnlag for vurdering.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformene:

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

1. Mappevurdering med 2 godkjende oppgåver. Oppgåvene kan vere arrangement skrivne ut med notar, eller i anna notasjonsform.

2. Framføring av eitt eige arrangement.

Dei to vurderingsdelane vert vekta likt.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

vår

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering og framføring

    • Eksamensdel: Mappevurdering (to oppgåver)

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Framføring