Musisering til dans
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMOB214
- Talet på semester2
- SpråkNorsk og/eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng.Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Ole Bull Akademiet og/eller GriegakademietMål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje fordjuping i og erfaring med musisering til dans, og å fremje forståing for samspelet mellom musikk og dans.
Innhald:
Studiet tar opp tema som: dei krava til utføring av dansemusikken som gjeld i utvalde dansefor-mer/-stilartar, samspelet mellom musikar og dansar i utøvingssituasjonen, og kunnskap frå litteratur/arkiv og/eller levande kjelder om ak-tuelle danseformer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
¿ har fordjupa kunnskap om sitt eige repertoar av dansemusikk
¿ har grunnleggjande dansefagleg kunnskap om utvalde danseformer
Ferdigheiter
Studenten
¿ kan utvikle si musisering til dans i samarbeid med dansarar
¿ kan musisere til dans på ein måte som tilfredsstiller dei krava som gjeld i den aktuelle danseforma
¿ kan framføre eit program med dansemusikk
¿ Har grunnleggjande danseferdigheit i minst éin dansestil
Generell kompetanse
Studenten
¿ kan utvikle sitt eige kunstnarlege uttrykk gjennom fordjuping i eit utvalt dansemusikkrepertoar
¿ kan samarbeide med utøvarar innafor ei anna kunstgrein, som dans, om å utvikle eit kunstnarleg uttrykk
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjonArbeids- og undervisningsformer
Individuell undervisning i utøving av dansemusikk på eige instrument. Rettleiing i musisering til dans individuelt / i gruppe gjeven av både dan-sar/danselærar og lærar i musikkutøving. Føre-lesingar/seminar, litteratur- og eventuelt arkiv-studium om dans og dansemusikk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Framføring av eit repertoar på minst 15 minutt dansemusikk, solo eller i samspel. Framføringa kan gjerast med eller utan dansarar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår