Musisering til dans
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMOB214
- Talet på semester2
- SpråkNorsk og/eller engelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
Emnet har eit omfang på 10 studiepoeng.Studienivå (studiesyklus)
Bachelor
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Ole Bull Akademiet og/eller GriegakademietMål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gje fordjuping i og erfaring med musisering til dans, og å fremje forståing for samspelet mellom musikk og dans.
Innhald:
Studiet tar opp tema som: dei krava til utføring av dansemusikken som gjeld i utvalde dansefor-mer/-stilartar, samspelet mellom musikar og dansar i utøvingssituasjonen, og kunnskap frå litteratur/arkiv og/eller levande kjelder om ak-tuelle danseformer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Studenten
¿ har fordjupa kunnskap om sitt eige repertoar av dansemusikk
¿ har grunnleggjande dansefagleg kunnskap om utvalde danseformer
Ferdigheiter
Studenten
¿ kan utvikle si musisering til dans i samarbeid med dansarar
¿ kan musisere til dans på ein måte som tilfredsstiller dei krava som gjeld i den aktuelle danseforma
¿ kan framføre eit program med dansemusikk
¿ Har grunnleggjande danseferdigheit i minst éin dansestil
Generell kompetanse
Studenten
¿ kan utvikle sitt eige kunstnarlege uttrykk gjennom fordjuping i eit utvalt dansemusikkrepertoar
¿ kan samarbeide med utøvarar innafor ei anna kunstgrein, som dans, om å utvikle eit kunstnarleg uttrykk
Krav til forkunnskapar
Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon eller tilsvarande.Tilrådde forkunnskapar
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjonArbeids- og undervisningsformer
Individuell undervisning i utøving av dansemusikk på eige instrument. Rettleiing i musisering til dans individuelt / i gruppe gjeven av både dan-sar/danselærar og lærar i musikkutøving. Føre-lesingar/seminar, litteratur- og eventuelt arkiv-studium om dans og dansemusikk.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.Vurderingsformer
I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:
Framføring av eit repertoar på minst 15 minutt dansemusikk, solo eller i samspel. Framføringa kan gjerast med eller utan dansarar.
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.Programansvarleg
Programstyret og rektor ved Ole Bull Akademiet har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.Kontakt
Studierettleiar kan kontaktast her:Studierettleiar@kmd-uib.no
Tlf 55 58 69 50
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Framføring