Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Folkemusikkutøving 3

Studiepoeng, omfang

30 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle vidare dugleik, kunnskapar og formidlingsevne i folkemusikkutøving som tilsvarar greidd eksamen i MOB121 Folkemusikkutøving 2, og gje større breidd når det gjeld ulike tradisjonar.

Innhald:

Arbeidet med hovud- og biinstrument skal dels utvikle vidare det solistiske uttrykket til studentane, dels hjelpe dei til å bli allsidige musikarar, med større fleksibilitet i samspel og i møte med ulike oppgåver i musikklivet. Aktivitetane i samspel skal trene studentane i ulike slag samspels- og prosjektarbeidsformer som kan vere aktuelle i profesjonell samanheng. Studenten kan ha vidare fordjuping i solistisk utøving som hovudfokus, eller velje større vekt på samspel.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har opparbeidd eit høgare nivå når det gjeld tradisjonsforståing og repertoarkunnskap.

Ferdigheiter

Studenten ..

* har vidareutvikla det solistiske uttrykket sitt og kan utøve tradisjonsmusikk på eit høgare musikalsk og teknisk nivå, solo og i samspel.

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan arbeide med gode resultat i ulike samspels- og prosjektarbeidsformer.

Krav til forkunnskapar

Emnet er tilgjengeleg for studentar som har gjennomført Tradisjonsmusikk I (dei 2 første åra av bachelorprogrammet i tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet), eller som har anna 2-årig, høgre utdanning som inkluderer minimum 15 stp. folkemusikkutøving og 15 stp. folkemusikkrelevant teori/støttefag. Det er opptaksprøve for eksterne søkjarar.

Emnet byggjer på MOB121 Folkemusikkutøving 2 eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

- Hovudinstrument: Individuell undervisning og førelesingar eller seminar/workshops om utvalde tema.

- Biinstrument: Individuell undervisning. Kan erstattast med hovudinstrumenttimar dersom studenten tek biinstrument som valemne.

- Samspel: Gruppeundervisning og prosjektarbeid med rettleiing. Utvalde problemstillingar vil bli tekne opp i førelesingar, på seminar eller workshops. Delar av undervisninga kan bli gitt som felles tilbod med studentar ved Griegakademiet ¿ Institutt for musikk, dersom det ligg til rette for det. Studenten kan velje større eller mindre vekt på samspel, sjå under vurderingsformer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Individuell undervisning i hovud- og biinstrument, førelesingar, seminar/workshops, gruppeundervisning, prosjektarbeid og deltaking i studentkonsertar er obligatorisk. Undervisninga er obligatorisk med krav om minimum 80% frammøte, dersom ikkje anna er nemnt.

Studenten si deltaking i obligatoriske faglege aktivitetar skal vurderast som godkjend/ikkje godkjend før avsluttande eksamen. Godkjend obligatorisk arbeid er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Vurderingsformer

I eksamenssemesteret skal det leggjast fram ei repertoarliste på 45 minutt spel/song. Repertoarlista skal vere godkjend av faglærar og leverast inn til studieadministrasjonen innan ei veke før eksamenstidspunkt.

Eksamen er ei konsertframføring på 25 minutt. For studentar som vel større vekt på samspel, skal 10 minutt av konserten vere samspel.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergens kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Ole Bull Akademiet kan kontaktast her:

oba@olebull.no

Tlf 56 51 65 00

Eksamensinformasjon