Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Innføring i molekylærbiologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Emnet undervisast om hausten.

Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk, du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen. Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei oversikt i moderne molekylærbiologi med spesiell vekt på ei kjemisk, genetisk og evulosjonær tilnærming til forståing av biologiske prosessar og system. Det blir gitt ein introduksjon til oppbygging av celler og skilnaden på pro- og eukaryote organismar, modelorganismar, genetikk, biomolekyl, proteinstruktur, enzymologi, metabolisme, bioenergetikk, fotosyntese, replikasjon, transkripsjon, translasjon, ernæring, bioteknologi og molekylærbiologisk metodologi. Det blir fokusert på felles molekylærbiologiske prinsipp og prosessar i ulike organismar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten

  • kan forklare grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi som til dømes biologisk evolusjon, biologisk informasjon, arv og energiomsetting på ein forståelig måte
  • kan gjere greie for de mest vanlige modellorganismane som brukas i molekylærbiologisk forsking
  • kan forklare oppbygging til strukturar som finst i prokaryote og eukaryote organismar og gjere greie for funksjonane deira
  • kan gje ei enkel forklaring av makromolekyla sin struktur og funksjon
  • kan forklare korleis arvestoffet vert kopiert, korleis RNA og protein vert laga, og korleis cella regulerer genutrykking
  • kan gjere greie for korleis celler bruker og genererer energirike forbindelsar 
  • kan forklare prinsippa for sentrale metodar i celle- og molekylærbiologi på ein forståelig måte

Ferdigheit:

Studenten

  • kan meistre bruk av grunnleggjande omgrep og idear innan molekylærbiologi, arv og metabolisme
  • kan analysere og tolke enkle celle- og molekylærbiologiske datasett

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan formidle på ein enkel måte grunnleggjande kunnskap i basal celle- og molekylærbiologi
  • kan reflektere over etiske problemstillingar knytt til bruk av molekylærbiologisk forsking

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

MOL101 5 Sp

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Arbeids- og undervisningsformer

.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To obligatoriske kollokvia.

Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.

Vurderingsformer

Digital skriftleg skuleeksamen 3t (70%) og skriftleg midtsemestereksamen 2t (30%). Midtsemestereksamen og skriftleg skuleeksmen er berre gyldig same semester som dei vert gjenomført. Alle eksamenane må vere fullført, og obligatorisk aktivitet godkjent, for å få karakter i emnet i undervisningssemesteret.

For semester utan undervisning kan studenten avleggje avsluttande eksamen dersom dei har godkjend obligatorisk aktivitet. Resultatet frå denne eksamen utgjer karaktergrunnlaget.

Hjelpemiddel til eksamen

Hjelpemiddler er ikke tillatt under skuleeksamen.

Lærebøker, undervisningsmateriell, eigne notatar og internett er tillate under skriftleg skoleeksamen heime. Under skuleeksamen heime er det ikkje lov med samarbeid med medstudent(ar) eller andre. Vidare er det viktig å ikkje forstyrre medstudentar under eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvtitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Midtsemestereksamen og eksamen

    Trekkfrist
    27.09.2021
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      03.12.2021, 09:00
      Varigheit
      3 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Midtsemestereksamen

      Dato
      11.10.2021, 09:00
      Varigheit
      2 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen