Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Genstruktur og -funksjon

Undervisningssemester

Haust

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet skal gi ein detaljert forståing av molekylære struktur og funksjon av det genetiske materiale i prokaryote og eukaryote celler.

Innhald:

Dette emnet handlar om struktur av DNA, RNA og kromatin og korleis vedlikehald av genom gjennom replikasjon, reparasjon og rekombinasjon vert utført. Det vert også fokusert på korleis uttrykk av genom gjennom kromatin modifiseringar, genregulering, transkripsjon, RNA spleising og translasjon skjer. Genteknologiske metodar i studiar av biologiske mekanismar og strukturer vert omtalt.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare DNA struktur og topologi, RNA struktur, kromatinorganisering og -modifisering med vekt på funksjon i regulering av gener
  • kan forklare detaljert om replikasjon, transkripsjon og translasjon
  • kan forklare rekombinasjon og korleis DNA-skader oppstår, korleis dei vert kjende att og reparererte
  • kan forklare detaljert om molekylære mekanismar i genregulering på alle nivå
  • kan samanlikne molekylære mekanismar i genregulering i pro- og eukaryote organismar
  • kan oppdatere sin kunnskap innan molekylærbiologi
  • kan reflektere over etiske problemstillinger knyttet til bruk av molekylærbiologisk forskning

Ferdigheiter

Studenten

  • meistrar å formidle om kromatin og genregulering
  • meistrar å samanlikne molekylære mekanismer i genregulering for å vise likskapar og skilnadar mellom prokaryote og eukaryote organismar
  • les, diskuterer og kommuniserer relevant faglitteratur

Krav til forkunnskapar

MOL100 eller tilsvarande

Tilrådde forkunnskapar

MOL200, MOL201, MOL202/MOL221 og MOL222

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav.

Arbeids- og undervisningsformer

Førelesning kombinert med aktive læringsformer. Kollokvium.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skoleeksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen. Eksamenslokale publiseres 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    10.12.2018, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    26.11.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen