Hjem
Studentsider
Masteremne

Lipidbiokjemi: Frå kjemi til sjukdom

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å byggja vidare på forståinga tileigna innan grunnleggjande lipidbiokjemi. Denne forståinga vert så vidareført og fordjupa med fokus på lipid sine kjemiske, molekylære og biologiske roller og korleis desse har konsekvensar for cellulær funksjon og sjukdom.

Innhald:

Emnet tek opp følgjande hovudområde: membran- og intracellulære lipiders eigenskapar og funksjonar, den biokjemiske og biologiske tydinga av protein-lipid interaksjonar, vidarekommen lipid metodologi og lipid-relaterte sjukdomar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan greie ut om fosfolipiders biosyntetiske og katabolske nettverk
  • kan forklara metodar for kvantitativ og kvalitative analyse av lipid
  • kan skildra og forstå korleis lipid byggjer opp membranar spontant og held på plass trans-membrane protein
  • kan gjøre reie for lipid-protein interaksjonar på membraner og funksjonene deira
  • kan skildra lipid-modifiseringer av protein kjemisk og funksjonelt
  • kan greie ut om lipid-mediert signalisering og rolla dens i cellulære prosessar
  • kan skildra forskjellige lipid-medierte sjukdomar på molekylært nivå

Ferdigheter

Studenten

  • er i stand til å ta i bruk ny kunnskap og prinsipp i forståelsen av molekylære mekanismar i normale cellulære prosesser og i lipid-relaterte sjukdomar
  • kan delta og rapportere i et lite team gitt spørsmålsbaserte oppgåver

Generell kompetanse

  • Studenten kan dokumentere avansert kunnskap i lipid biokjemi og er i stand til å bruke den i en breiare biokjemisk og biologisk samanheng

Krav til forkunnskapar

MOL100 og KJEM130 (eller tilsvarande). Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6. semester av bachelorgraden.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, kollokvier

Obligatorisk undervisningsaktivitet

1 skriftleg obligatorisk semesteroppgåve basert på en vitenskapelig artikel. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar.

Tillatne hjelpemiddel: Ingen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvr for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen

    Dato
    20.02.2023, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    06.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted