Utviklingsgenetikk
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterHaust
- EmnekodeMOL213
- Talet på semester1
- SpråkEngelsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Undervisningssemester
Haust. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.
Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket
Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.
Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.
Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Mål:
Emnet har som mål å gi grunnleggjande forståing av prosessane som styrer fosterutviklinga.
Innhald:
Emnet gir ei innføring i grunnleggjande omgrep og generelle prinsipp innan utviklingsbiologi, som også omfattar evolusjonsmessige samanhengar. Dessutan vil hovudtrekka i den embryologiske utviklinga til viktige dyremodellar (t.d. mus, frosk, bananfloger) bli gjennomgått slik at dei underliggjande styringsmekanismane kan forklarast. Emnet gir også ei innføring i genetiske og eksperimentelle metodar som nyttast i utforskinga av desse mekanismane. Det blir lagt spesiell vekt på å forklara reguleringa av dei tidlege trinna i fosterutviklinga. I tillegg blir det gitt ei innføring i genetiske kontrollmekanismar som styrer utviklinga av skjelett og sentralnervesystem. Det blir også forklart korleis mutasjonar i slike utviklingsgener kan føre til misdanningar.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten
- kan greie ut om grunnleggjande omgrep, prinsipp og metodar innan utviklingsbiologi.
- kan skildre hovudtrekka i fosterutviklinga hjå viktige dyremodellar.
- kan gjere greie for mekanismar som bestemmer kroppsaksar og kimlag.
- kan forklara korleis genetiske styringsmekanismar bestemmer skjelettmønsteret langs kroppsaksen.
- kan forklara korleis mutasjonar i utviklingsgener kan føra til misdanningar.
Ferdigheiter
Studenten
- beherskar bruk av grunnleggjande omgrep og prinsipp innan utviklingsbiologi.
- beherskar kunsten å analysera og tolka enkle datasett innan eksperimentell embryologi og utviklingsgenetikk.
Generell kompetanse
Studenten
- kan formidle kunnskap i basal utviklingsbiologi.
Krav til forkunnskapar
MOL100 eller tilsvarande. Emnet høver best i mastergraden, tidlegast 5. eller 6.semester av bachelorgraden.
Krav til studierett
For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Første forelesing/orienteringsmøtet er obligatorisk.
Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 4 timar.
Tillatne hjelpemiddel: Ingen
Grunna tiltaka mot spreiing av Covid-19 er UiB stengd for gjennomføring av campus-eksamen. Hausten 2020 er det følgande endringar i vurdering i emnet:
- Skriftleg eksamen heime i staden for skriftleg skuleeksamen
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Fagleg overlapp
Ingen
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontakt
Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skriftleg skuleeksamen
- Dato
- 16.02.2021, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 02.02.2021
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen