Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Eksperimentell molekylærbiologi II

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 2. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Dette emnet byggjer på MOL221 Eksperimentell molekylærbiologi I.

I MOL222 vil studentane fylgje laboratorieprotokollar for å utføre molekylær kloning av to proteinkodandegener etterfulgt av uttrykking i mammalske celler og analyser med immuno-deteksjon og mikroskopiteknikkar. Resultata som vert oppnådd vil rapporteras i format for vitskapeleg publikasjon (IMRaD) og vilverte evaluert. MOL222 vil gje studentane teoretisk og praktisk introduksjon til viktige metodar og teknikkar i biokjemi ogmolekylærbiologi. Desse inkluderer arbeid med molekylær kloning, PCR, plasmidoppdyrking i bakterier,plasmidreining, restriksjonsenzymanalyse, overuttrykking av gener i mammalske celler, mikroskopi, gelelektroforese. I tillegg vil studentane få eigenhands erfaring og fordjupning med brukav nukleinsyredatabaser og andre bioinformatiske verktøy. Studentane vil læra dei fysiske og kjemiskeprinsippa bak dei analytiske metodane. Samstundes med dei praktiske aspekta ved emnet vil det også verta lagt særskilt vekt på dokumentasjon, kritisk evaluering og kvalitativ og kvantitativ analyse av resultata. Tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid vert og vektlagt. Emnet har som mål å gje solid grunnkunnskap og ferdigheiter i eksperimentell molekylærbiologi teknikkar ogvitskapeleg kommunikasjon, og dermed danne grunnlag for vidare studier i molekylærbiologi.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha fylgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • kan forklare prinsippa for molekylær kloning, PCR og celletransfeksjon
  • kjenner strukturen til ein vitskapeleg rapport og korleis eksperimentelle resultat vert presentert i ein vitskapeleg kommunikasjon
  • kjenner generelle rutinar for sikkert laboratoriearbeid innan molekylærbiologi

Ferdigheiter

Studenten

  • kan preparere plasmid for transfeksjon av celler i kultur og analysere uttrykking med bruk av fluorescensemikroskopi
  • kan bruke instrumentering og genteknologiske metodar for separasjon og analyse av protein og nukleinsyrer
  • kan tolke og rapportere data både kvalitativt og kvantitativt
  • kan fylgje generelle rutinar for sikkert laboratoriearbeid i molekylærbiologi
  • kan planlegge eksperimentelt arbeid basert på ein protokoll
  • kan kritisk evaluere og diskutere eksperimentelle resultat
  • kan anvende kritisk og korrekt kjeldebruk
  • kan skrive på ein vitskapleg måte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan fylgje eksperimentelt arbeid basert på ein protokoll innan molekylærbiologi og biokjemi
  • kan kommunisere eksperimentelle prosedyrar på riktig måte, samt kritisk evaluere og diskutere oppnådde eksperimentelle resultat innan molekylærbiologi og biokjemi

Krav til forkunnskapar

MOL100 og KJEM110 og eit av emna MOL103(MOL203)/MOL200/BIO103

MOL221 kan tas samme semester. Andre emne med mykje laboratorieundervising kan erstatte MOL221.

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, og at du oppfyller eventuelle opptakskrav. Bachelorstudenter i molekylærbiologi har fortrinnsrett til emnet.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

MOL202: 10 sp.

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett knytt til Det matematisk-naturvitskaplege fakultet og at du oppfyller forkunnskapskrava. Studentar med studierett på bachelorprogrammet i molekylærbiologi har fortrinnsrett til emnet.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar og laboratoriekurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Orienteringsmøte, forelesningar og laboratoriekurs m/rapport og lab.-førebuing. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningsemesteret og dei fem påfølgande semestra).

Vurderingsformer

Ein samla skriftleg laboratorierapport for alle laboratorieprosjekta (mappevurdering).

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er kun ordinær eksamen i vårsemesteret.

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar 1. juni for haustsemesteret og 1. desember for vårsemesteret.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet.

Kontakt

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon