Hjem
Studentsider
Masteremne

Praktisk biokjemi og molekylærbiologi

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

20 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust.

Emnet har eit avgrensa tal på plassar og inngår i undervisningsopptaket ved MN-fakultetet. Masterstudenter i molekylærbiologi er prioritert. Fristen for å melde seg til undervisning i emnet er onsdag i veke 33. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast måndag i veka etter fristen.

Det er obligatorisk oppmøte på første forelesing/orienteringsmøtet, og du kan risikere å miste plassen om du ikkje møter. Dersom du ikkje kan møte på første forelesing/orienteringsmøtet må du kontakte studieseksjonen på e-post: studie.bio@uib.no. Tidspunkt for første forelesing/orienteringsmøtet finn du i timeplanen under «Ressursar» øvst til høgre eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald

Hovudmålet er for å gje studentane direkte erfaringar i modernemetodar i biokjemi og molekylærbiologi. Emnet inneheld oppgåver innan spektrofotometri, enzymkinetikk, forskjellige separasjonsteknikkar og analyse av biologiske makromolekyl, modernemetodar i genteknologi (kloning, protein uttrykk, PCR og sette-retta mutagenese), immunologiske påvisingsteknikkar (qPCR), celledyrking og protein interaksjon.

Journalføring, rapport skriving og mini-symposia skal gje studentane kunnskap og erfaringar i data samling og analyse. Dette er naudsynt for å at studentane skal forstå dei teoretiske opplysingane bak praktiske øvingar, og grundig diskusjon blir integrert del av kurset.

Det blir også lagt vekt på tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • Kan forklare teoriane bak både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi
  • Kan forklare fordelar og ulemper med dei viktigaste metodane i biokjemi og molekylærbiologi
  • Kan arbeide med DNA, RNA og protein
  • Kjenner relevante reglar for tryggleik i laboratoriet både for personale og miljø 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte eit breitt utval av både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi (medrekna kromatografi, elektroforese, spektroskopi, enzymkinetikk, molekylær kloning, cellekulturar og mikroskopi)
  • Kan undersøke, evaluere, tolke og kommunisere data frå biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment
  • Kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan gjere eksperimentelt arbeid knytt til biokjemi og molekylærbiologi utan detaljert instruksjon og rettleiing

Krav til forkunnskapar

Tilsvarende opptaksgrunnlag for master i molekylærbiologi. Det er eit krav for opptak til emnet å at du er tatt opp til masterprogram/ph.d.-utdanning ved Molekylærbiologisk institutt.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.

Studiepoengsreduksjon

MOL302 15 studiepoeng

Krav til studierett

For opptak til emnet er det krav om ein studierett på masterprogrammet i molekylærbiologi. Andre med interesse for å følgje emnet må først ta kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for biovitenskap.

Arbeids- og undervisningsformer

Forelesingar, laboratoriekurs og rapportskriving.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar, førebuingar til og deltaking på laboratoriekurs m/journal og rapportskriving. Alle aktiviteter i kurset, inkludert det første orienteringsmøtet, er obligatorisk å delta på. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i to semester (undervisningssemesteret od det påfølgande semestret).

All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering (30%) og skriftleg eksamen 5 timar (70%). Mappe består av skriftlege laboratorierapportar for laboratorieprosjekta. Alle vurderingene må vera fullførde for å få karakter i emnet.

 For semester utan undervisning kan kandidaten avlegje skrifteleg eksamen dersom han har gyldig mappevurdering. Resultatet av mappevurderinga (30%) og skrifteleg eksamen (70%) utgjer karaktergrunnlaget.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det matematisk-naturvitskaplege fakultet ved Institutt for biovitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Laboratorierapportar og skriftleg skuleeksamen

    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    07.02.2023
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      21.02.2023, 09:00
      Varigheit
      6 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen