Hjem
Studentsider
Masteremne

Praktisk biokjemi og molekylærbiologi

Hovedinnhold

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket. Masterstudenter i molekylærbiologi er prioritert.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

 Frist for å melde seg til undervising i emnet er onsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på om du har fått plass på emnet på Studentweb seinast tysdag veka etter fristen.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald

Hovudmålet er for å gje studentane direkte erfaringar i modernemetodar i biokjemi og molekylærbiologi. Emnet inneheld oppgåver innan spektrofotometri, enzymkinetikk, forskjellige separasjonsteknikkar og analyse av biologiske makromolekyl, modernemetodar i genteknologi (kloning, protein uttrykk, PCR og sette-retta mutagenese), in situ hybridisering, immunologiske påvisingsteknikkar, celledyrking og protein interaksjon.

Journalføring, rapport skriving og mini-symposia skal gje studentane kunnskap og erfaringar i data samling og analyse. Dette er naudsynt for å at studentane skal forstå dei teoretiske opplysingane bak praktiske øvingar, og grundig diskusjon blir integrert del av kurset.

Det blir også lagt vekt på tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • Kan forklare teoriane bak både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi
  • Kan forklare fordelar og ulemper med dei viktigaste metodane i biokjemi og molekylærbiologi
  • Kan arbeide med DNA, RNA og protein
  • Kjenner relevante reglar for tryggleik i laboratoriet både for personale og miljø 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte eit breitt utval av både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi (medrekna kromatografi, elektroforese, spektroskopi, enzymkinetikk, molekylær kloning, cellekulturar og mikroskopi)
  • Kan undersøke, evaluere, tolke og kommunisere data frå biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment
  • Kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan gjere eksperimentelt arbeid knytt til biokjemi og molekylærbiologi utan detaljert instruksjon og rettleiing

Krav til forkunnskapar

Tilsvarende opptaksgrunnlag for master i molekylærbiologi. Det er eit krav for opptak til emnet å at du er tatt opp til masterprogram/ph.d.-utdanning ved Molekylærbiologisk institutt.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til masterprogrammet i molekylærbiologi. Andre med interesse for å følge emnet må først ta kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biovitenskap.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar, førebuingar til og deltaking på laboratoriekurs m/journal og rapportskriving. Alle aktiviteter i kurset, inkludert det første orienteringsmøtet, er obligatorisk å delta på. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra).

All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering (30%) og skriftleg eksamen 5 timar (70%). Mappe består av skriftlege laboratorierapportar for laboratorieprosjekta. Alle vurderingene må vera fullførde for å få karakter i emnet.

 For semester utan undervisning kan kandidaten avlegje skrifteleg eksamen dersom han har gyldig mappevurdering. Resultatet av mappevurderinga (30%) og skrifteleg eksamen (70%) utgjer karaktergrunnlaget.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MOL302 15sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Laboratorierapportar og skriftleg skuleeksamen

    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    30.11.2021
    • Eksamensdel: Skriftleg skuleeksamen

      Dato
      14.12.2021, 09:00
      Varigheit
      6 timer
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
      Sted
    • Eksamensdel: Mappevurdering

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen