Hjem

Utdanning

Masteremne

Praktisk biokjemi og molekylærbiologi

Undervisningssemester

Haust, avgrensa opptak. Studentar som har dette emnet som obligatorisk i studieplanen vil bli prioritert.

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag i veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål og innhald

Hovudmålet er for å gje studentane direkte erfaringar i modernemetodar i biokjemi og molekylærbiologi. Emnet inneheld oppgåver innan spektrofotometri, enzymkinetikk, forskjellige separasjonsteknikkar og analyse av biologiske makromolekyl, modernemetodar i genteknologi (kloning, protein uttrykk, PCR og sette-retta mutagenese), in situ hybridisering, immunologiske påvisingsteknikkar, celledyrking og protein interaksjon.

Journalføring, rapport skriving og mini-symposia skal gje studentane kunnskap og erfaringar i data samling og analyse. Dette er naudsynt for å at studentane skal forstå dei teoretiske opplysingane bak praktiske øvingar, og grundig diskusjon blir integrert del av kurset.

Det blir også lagt vekt på tryggleiksaspekt ved laboratoriearbeid.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

  • Kan forklare teoriane bak både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi
  • Kan forklare fordelar og ulemper med dei viktigaste metodane i biokjemi og molekylærbiologi
  • Kan arbeide med DNA, RNA og protein
  • Kjenner relevante reglar for tryggleik i laboratoriet både for personale og miljø

 

Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte eit breitt utval av både basale og nokre avanserte metodar i biokjemi og molekylærbiologi (medrekna kromatografi, elektroforese, spektroskopi, enzymkinetikk, molekylær kloning, cellekulturar og mikroskopi)
  • Kan undersøke, evaluere, tolke og kommunisere data frå biokjemiske og molekylærbiologiske eksperiment
  • Kan føre ein detaljert og nøyaktig laboratoriejournal

 

Generell kompetanse

Studenten

  • Kan gjere eksperimentelt arbeid knytt til biokjemi og molekylærbiologi utan detaljert instruksjon og rettleiing

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap. Det er eit krav for opptak til emnet å at du er tatt opp til masterprogram/ph.d.-utdanning ved Molekylærbiologisk institutt.

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande omfang molekylærbiologisk kunnskap.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til masterprogrammet i molekylærbiologi. Andre med interesse for å følge emnet må først ta kontakt med studieadministrasjonen ved Institutt for Biovitenskap.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Førelesingar, førebuingar til og deltaking på laboratoriekurs m/journal og rapportskriving. Alle aktiviteter i kurset, inkludert det første orienteringsmøtet, er obligatorisk å delta på. Gjennomførte aktivitetar er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra).

All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Mappevurdering (30%) og skriftleg eksamen 5 timer (70%). Mappe består av skriftlege laboratorierapportar for laboratorieprosjekta.

Alle vurderingene må vera fullførde for å få karakter i emnet.

For semester utan undervisning kan kandidaten avlegje skrifteleg eksamen dersom han har gyldig mappevurdering. Resultatet av mappevurderinga (30%) og skrifteleg eksamen (70%) utgjer karaktergrunnlaget.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MOL302 15sp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Laboratorierapportar og skriftleg skuleeksamen

    Dato
    12.02.2018, 09:00
    Varigheit
    5 timer
    Trekkfrist
    29.01.2018
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted