Hjem
Utdanning
Masteremne

Biomolekyl

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMOL301
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tall på plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Meir informasjon: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Emnet blir ikkje undervist ved lågt studenttal.  

Frist for å melda seg til undervising i emnet er torsdag veke 33 for haustsemesteret. Du får svar på Studentweb seinast tysdag veka etter om du har fått plass på emnet.

Første forelesning/orienteringsmøtet er obligatorisk,du mistar undervisingsplassen i emnet om du ikkje stiller denne dagen.

Tidspunkt for første forelesning/orienteringsmøtet finn du på timeplanen på nettsida til emnet eller på Mitt UiB.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gir ei oversikt i dei ulike gruppene av biologiske makromolekyl: protein, karbohydrat, lipid og nukleinsyrer. Det blir fokusert på struktur og funksjon til desse molekyla. Emnet gir ei detaljert innføring og det blir lagt vekt på grunnleggjande metabolske prosessar, enzymologi, bioenergetikk og grunnleggjande biokjemiske reaksjonar og regulering av desse.

Læringsutbyte

Ved fullført emne MOL301 skal studenten kunne:

- framstille strukturar og biokjemiske eigenskapar til protein, karbohydrat, lipid og nukleinsyrer

- forklare grunnleggjande metabolske prosessar og regulering av desse.

- ha kunnskap i enzymologi og regulering av biokjemiske reaksjonar

- skildre bioenergetiske prinsipp som driv metabolisme

- analysere og presentere vitskaplege artiklar som behandlar metabolske prosesser

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Bachelorgrad eller tilsvarande med noe bakgrunn i molekylærbiologi. Emnet er spesielt tilrettelagt for masterstudenter i bioinformatikk.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til eit masterprogram/Ph.d-utdanninga ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, samt at du oppfyller ev opptakskrav

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Dei to første kollokvia er obligatoriske.

Skriftleg semesteroppgåve og munnleg presentasjon av oppgåva er obligatorisk. Alle får skrifteleg tilbakemelding om oppgåva, og presentasjonen av denne. Obligatorisk aktivitet er gyldig i seks semester (undervisningssemesteret og dei fem påfølgande semestra). All obligatorisk aktivitet må vere godkjend før ein kan ta eksamen.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen, 4 timar. Enkel kalkulator tillat, i samsvar med fakultetets regler.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

MOL101: 10 sp, MOL200: 10 sp, teoridel KB101: 10 sp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar ved Institutt for Biovitenskap, studie@bio.uib.no