Masteroppgåve i molekylærbiologi
- Studiepoeng60
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeMOL399
- Talet på semester2
- SpråkNorsk/Engelsk.
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
60 studiepoeng
Undervisningssemester
Haust og vår.
Undervisningsstad
Bergen
Mål og innhald
Masterstudiet i molekylærbiologi skal gje studenten trening i eit sjølvstendig eksperimentelt arbeid innan eit spesialisert område. Det er også mogeleg å få tildelt ei oppgåve kor bioinformatiske metodar står sentralt. Gjennom fagleg fordjuping skal studentens evne til kritisk og vitskapeleg tenking utviklast.
Programstyret på masterprogrammet og rettleiarane skal sørge for at det til kvar tid finst eit tilbod av definerte oppgåveprosjekt. Oppgåveprosjekt som vert tilbydde skal helst vere forhåndsgodkjende av programstyret med tanke på utforminga og omfanget av oppgåva (dvs. oppgåv skal kunne gjennomførast innan normert tid). Oppgåveprosjekt kan også bli utforma i ein dialog mellom rettleiar og student og deretter godkjent av programstyret.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Studenten
- opparbeider brei fagleg fordjuping innanfagområdet molekylærbiologi og spesialisert innsikt knytt til masteroppgåva
Ferdigheit:
Studenten
- meistrar å planleggje og gjennomføre sjølvstendig eksperimentelt arbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer og reglar for tryggleik i laboratoriet
- meistrer både muntleg og skriftleg formidling av eigne og andres forskingsresultat
- kan vurdere eigne og andres forskingsresultat
- kan hente inn, analysere og nytte ny kunnskap innan molekylærbiologi
Generell kompetanse:
Studenten
- meister kildevurdering, kritisk vurdering av faglitteratur og kritisk viteskapeleg teking
- kan reflektere over sentrale etiske og vitskapelege problemstillinger i eige og andres arbeid
Krav til forkunnskapar
Opptatt til masterprogrammet i molekylærbiologi
Krav til studierett
For opptak til emnet er det krav om ein studierett på masterprogrammet i molekylærbiologi ved Institutt for biovitenskap.
Vurderingsformer
Etter at masteroppgaven er innlevert og godkjent, avsluttes studiet med en muntlig mastergradseksamen. Denne eksamen består av en offentlig presentasjon på rundt 30 minutter hvor studenten selv gir en oversikt over oppgaven. Sensor og veileder skal være til stede ved den offentlige presentasjonen. Deretter følger en muntlig eksaminasjon/samtale med sensor og veileder om oppgaven. Før presentasjonen skal det være satt en karakter på oppgaven. Presentasjonen kan sammen med den påfølgende muntlige eksaminasjonen/samtalen være justerende på den endelige karakteren på oppgaven. Det er den endelige karakteren som gjøres kjent for kandidaten og som kommer frem på karakterutskriften.Frister:Oppgaver på 60 sp innleveres senest én måned før slutten av det 4. semesteret.
Karakterskala
Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.
Vurderingssemester
Det er ordinær eksamen kvart semester
Emneevaluering
Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
Emnet eigast av Institutt for biovitenskap.
Kontakt:
Eksamensinformasjon
Vurderingsordning: Masteroppgåve og munnleg eksamen
- Innleveringsfrist
- 20.11.2023, 14:00
- Trekkfrist
- 01.11.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen