Hjem
Utdanning
Masteremne

Kvalitetssikring av kjemiske analysar

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeMTEK330
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår. Emnet går første gong våren 2020.

Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket Masterstudentar har fyrsteprioritet på emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Det primære føremålet med kurset er å gje studentane innsikt i kvalitetssikring og validering av kjemiske analysemetodar samt sporevne av analyseresultat. I tillegg får studentane innblikk i typiske trinn i ei kjemisk analyse, som prøvetaking, prøveopparbeiding, instrumentell analyse og rapportering, og korleis kvart enkelt trinn bidrar til uvisse i det endelege resultatet. Laboratorieøvingane brukar moderne analytisk instrumentering og blir gjennomført på eit akkreditert analyselaboratorium.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Studenten

¿ kjenner dei viktigaste prinsippa for kvantifisering i analytisk

kjemi

¿ kjenner teorien og systematikken rundt kvalitetssikring av

analyseresultat

¿ kjenner prinsippa for validering og akkreditering av kjemiske

analysar samt sporevne av analyseresultat

¿ kjenner viktige rutinar i eit moderne analyselaboratorium

¿ kjenner til typiske trinn i ei kjemisk analyse (prøvetaking,

prøveopparbeiding, instrumentell analyse, rapportering) og

forstår korleis kvart enkelt trinn påverkar det endelege

resultatet

¿ kjenner verkemåten for utvalde analyseinstrument

Ferdigheiter

Studenten

¿ kan anvende vanlege metodar for prøveopparbeiding av

biologisk materiale

¿ kan anvende vanlege metodar for kvalitetssikring av kjemiske

analysar

¿ kan vurdere truverdet til eit analyseresultat basert på kunnskap

om den analytiske metoden og vanlege kvalitetssikringsdata

¿ beherskar gode laboratorierutinar, med særleg vekt på tryggleik

og sikring av analysekvalitet i et akkreditert laboratorium

¿ kan anvende moderne laboratorieutstyr og instrumentering for

kjemisk analyse

Generell kompetanse

Studenten

¿ har kjennskap til prinsipp og metodar innan kvalitetssikring

¿ har kunnskapar om grunnleggjande statistiske metodar

¿ kan planlegge og utføre nøyaktig arbeid på laboratoriet

¿ meistrar samarbeid på laboratoriet

Krav til forkunnskapar

KJEM110

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130, KJEM120, KJEM250

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om at du har ein studierett knytt til eit masterprogram/ ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet eller ph.d.-utdanninga. http://www.uib.no/matnat/52646/opptak-ved-mn-fakultetet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar, laboratorieøvingar og andre oppgåver

Obligatorisk undervisningsaktivitet

¿ Obligatorisk deltaking på første førelesning.

¿ Laboratoriekurs og skriftlege innleveringar. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i fem påfølgande semester.

¿ Godkjent HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjent HMS-kurs ved Kjemisk Institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Munnleg eksamen utgjer 100% av karakteren.

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar og obligatoriske aktivitetar må vere godkjende for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

BIO306: 10 stp. MAR352: 10stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart vårsemester.

Emneevaluering

 Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Oversikt over tidlegare emneevalueringar:
https://kvalitetsbasen.app.uib.no/?faknr=12&instnr=31

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.