Hjem
Utdanning
Årsstudium

Musikkdidaktikk 1

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til to semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid/deltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mål

Emnet trenar studentane åleine og saman med andre i å planlegge, gjennomføre og vurdere musikkpedagogisk verksemd tilpassa den einskilde elev og elevgruppe.

Studentane skal utvikle medvit om eiga rolle som lærar slik at dei på gode måtar kan diskutere og ta hand om musikkpedagogiske oppgåver og utfordringar, og gjennom dette utvikle eigen lærarprofesjonalitet

Emnet gjev introduksjon til musikkdidaktikk og nyttar didaktiske kategoriar som reiskap i musikkundervisning.

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • instrumentspesifikk musikkdidaktikk i musikkfagleg hovuddisiplin
  • ulike tilnærmingar til skapande arbeid
  • didaktikk for grunnskuleundervisning med vekt på klasseleiing
  • spesialiserte metodar innan musikkundervisning

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har god musikkdidaktisk kunnskap om undervisning og læring i musikk, inkludert norsk folkemusikk og samisk musikk/joik
  • har djup fagdidaktisk kunnskap om undervisning i grunnskule og kulturskule, inkludert kunnskap om notelesing og motorisk læring
  • har spesialisert fagdidaktisk kunnskap om læringsarenaer, repertoar og undervisningspraksisar i musikkfagleg hovuddisiplin

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning tufta på forsking, utviklingsarbeid og erfaringskunnskap
  • kan sette i verk gode faglege og sosiale læreprosessar, med vekt på klasseleiing i musikkfaget i grunnskulen og instrumental-/vokalundervisning i kulturskular
  • kan lage og gjennomføre undervisningsopplegg med vekt på komposisjon/improvisasjon og kreative prosesser

Generell kompetanse

Studenten..

kan vurdere praksisar og bidra med nytenking og innovasjon knytt til undervisning og læring i musikkfagleg hovuddisiplin

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

Fellesundervisninga omfattar mellom anna forelesingar, gruppearbeid og utøvande verksemd.

Undervisninga i instrumentspesifikk musikkdidaktikk vert avtalt individuelt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Instrumentspesifikk musikkdidaktikk krev 100% frammøte.

Emnet har eit obligatoriske arbeidskrav:

  • munnleg framlegg av emne frå pensum. Skal gjevast av emneansvarleg på førehand. Kan gjennomførast individuelt eller i par med ein medstudent (haustsemesteret).

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • semesteroppgåve knytt til musikkfagleg hovuddisiplin, ca. 3000 ord
  • praktisk eksamen i skapande arbeid med grunnskuleklasse. Omfang: ein undervisningstime. Kan gjerast individuelt eller saman med inntil to andre studentar.

Dei to eksamensdelane vert vekta likt. Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

«Bestått» / «Ikkje bestått»

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/ Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studieveileder@kmd.uib

studieveileder@kmd.uib

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og utøvande prøve (Ny eksamen)

    Trekkfrist
    04.09.2019
    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Innleveringsfrist
      18.09.2019, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Utøvende prøve