Hjem
Studentsider
Årsstudium

Musikkdidaktikk 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

Emnet har eit omfang på 15 studiepoeng og går over to semester.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid / deltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mål

Emnet ser musikkundervisning i lys av mellom anna danningsteori, problematiserer kunnskapsomgrepet i musikk, og gjev oversikt over didaktiske posisjonar i musikkfaget.

I emnet inngår didaktikk for musikkundervisning i vidaregåande opplæring og ensembledidaktikk med vekt på klassisk instrumentalensemble og kor.

Innhald

Emnet tek opp tema som:

  • musikkpedagogiske verksemder.
  • musikkfaga sine særpreg og historie.
  • musikkpedagogisk utvikling og fornying innan fagområdet.
  • samanhengar mellom musikkpedagogisk verksemder og kultur og samfunn.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har kunnskap om vidaregåande opplæring og ensemble som musikkpedagogiske verksemder.
  • har kjennskap til historiske og kunnskapsteoretiske perspektiv på musikkfaget.

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan få i stand gode, motiverande og inkluderande faglege og sosiale læreprosessar, med vekt på vidaregåande opplæring og samspel.
  • kan variere, tilpasse og differensiere undervisning i samsvar med læreplanar.
  • kan beskrive kjenneteikn ved kunnskap og tame hjå elevane og gje tilbakemeldingar som fremmar læring.
  • har grunnleggande ferdigheiter i ensembleleiing og direksjon, med vekt på kor og klassisk instrumentalensemble.

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan formidle musikkdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå.
  • kan vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til forbetring og nyskaping i samspel med kollegaar og musikkpedagogiske verksemder og institusjonar.
  • viser ansvar og sjølvstende i ulike musikkpedagogiske kontekstar.

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

Fellesundervisninga og omfattar førelesingar, gruppearbeid med meir, og praktisk trening i direksjon med studentgruppa som ensemble. 

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet IRGA, med heimel i Midlertidig forskrift fastsatt av universitetsstyret 28.05.2020, vedteke endringar i dei obligatoriske arbeidskrava:

Om fråværet overstig 20%, og det er fare for at læringsutbytet ikkje blir nådd, vil emneansvarleg vurdere om det er naudsynt å erstatte fråværet med anna læringsaktivitet.

For å kunne gå opp til eksamen i Musikkdidaktikk 2 må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av obligatoriske arbeidskrav framgår av semesterplan.

--

Under normale høve gjeld desse krava:

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

Ensembledidaktikk krev 100% frammøte.

For å kunne gå opp til eksamen i Musikkdidaktikk 2 må studentane ha gjennomført inntil 3 obligatoriske arbeidskrav innan fastsette tidspunkt. Konkretisering av obligatoriske arbeidskrav går fram av semesterplan.

Vurderingsformer

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i vurderingsformer for vårsemesteret 2021:

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • munnleg eksamen som gjennomførast digitalt via Zoom, ca. 25 minutt.

Minimum to sensorar, der ein skal vere ekstern.

--

Under normale høve gjeld desse vurderingsformane:

I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • utøvande eksamen i ensembledidaktikk med instruksjon og direksjon, sjølvvald stykke, ca. 20 minutt.
  • munnleg eksamen, ca. 25 minutt.

Dei to eksamensdelane vert vekta likt. To interne og ein ekstern sensor.

Karakterskala

Grunna koronasituasjonen har Instituttrådet ved Griegakademiet - Institutt for musikk vedteke midlertidige endringar i karakterskala¿for vårsemesteret 2021:

«Bestått» / «Ikkje bestått»

--

Under normale høve gjeld denne karakterskalaen:

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her: studieveileder.kmd@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munleg

    Eksamensperiode
    25.05.2021–26.05.2021
    Trekkfrist
    27.04.2021
    Andre opplysninger
    Plan publiseres på MittUiB.