Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikk, kultur, samfunn

Studiepoeng, omfang

Emnet MUF101 Musikk, kultur og samfunn har eit omfang på 15 studiepoeng og er normert til to semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet vil med utgangspunkt i fagområdet musikk kaste lys over problemstillingar innanfor utøving/skaping som praksis i ulike kontekstar i samfunnet. Refleksjon rundt tilhøvet musikk/kultur/samfunn vert styrka gjennom drøfting av identitet og kulturelle tenkjemåtar.

Innhald:

Musikk som kulturuttrykk får ulike valørar i høve til meining/politikk, verdispørsmål og funksjonalitet. Emnet gjev innføring i teori relatert til bruk av musikk i ulike samanhengar der musikken si rolle og verdi knytt til kulturell, sosial og politisk kontekst vert vektlagd. Emnet vil soleis drøfte musikk som kunst, vitskap og kvardagspraksis. Emnet vil dekkje tema som musikk og verdiar, musikk og identitet, musikk og utvikling, kunst, kunnskaps- og kulturomgrep.

Forståing av samspelet mellom teori og praksis for utøvarar, komponistar og musikkterapeutar vert tilegna gjennom drøfting på tvers av praktiske skilleliner.

Emnet gjev ei innføring i kulturelle og sosiale perspektiv og tematiserer spesielt musikken si rolle i samfunnet. Emnet set som mål å gjere studentane i stand til teoretisk refleksjon rundt eigen musikkpraksis, og denne i relasjon til andre musikkpraksisar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar:

Studenten ..

* viser kunnskap om funksjonane musikalsk praksis har i eit samfunns perspektiv.

 

Ferdigheiter:

Studenten ..

* kan kommunisere munnleg og skriftleg omkring faglege problemstillingar.

Generell kompetanse:

Studenten ..

* kan reflektere rundt eigen praksis og artikulere tankerekkjer i høve til denne.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, Bachelorprogram i musikkvitskap eller Femårig integrert masterprogram i musikkterapi. Andre studieprogram etter individuell søknad.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar og seminar.

Rettleiing på semesteroppgåva.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Delta på førelesingar og seminar.

Rettleiing i samband med oppgåveskrivinga.

All undervisning er obligatorisk.
Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett.
Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

 

Vurderingsformer

Semesteroppgave på 3000 - 4000 ord. Litteraturliste og vedlegg kjem i tillegg. Oppgåva skal relaterast til førelesingar og pensum.

Intern sensur med minst to sensorar.

 

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumliste for om lag 700 sidar. I tillegg skal pensum bestå av 300 sidar sjølvvalgt materiale.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon