Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Folkemusikkutøving

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUF203
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk og/eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Ole Bull Akademiet, Voss. Noko undervisning kan bli lagt til Griegakademiet - Institutt for musikk, Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studentar i klassisk utøving, jazz-utøving, komposisjon eller musikkterapi innsikt i viktige stil- og sjangertrekk ved tradisjonsmusikken i Noreg/Norden, gjennom innstudering av slik musikk på eige hovudinstrument og samspel/arrangering på grunnlag av folkemusikkrepertoar. Det er eit mål å stimulere til refleksjon omkring skilnader i stil og instrumentbruk m.m. mellom tradisjonsmusikken og eigen sjanger, og omkring stilkjensle og sjangerkunnskap meir generelt.

Innhald:

I repertoarstudier blir det lagt vekt på tilpassing av idiomatikken/teknikken på hovudinstrumentet til stiltrekka i tradisjonsmusikken. Studentar på fiolin/bratsj kan velje å nytte hardingfele i emnet.

I samspel/arrangering blir det gitt gehørbaserte og skriftlege oppgåver som det kan bli arbeidd med både individuelt og i ensemble. Utgangspunkt er aktuelle arrangerings- og samspelsformer som er utvikla av folkemusikarar og/eller i samarbeid med andre sjangrar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

-har grunnleggjande kunnskap om stil- og sjangertrekk ved norsk/nordisk tradisjonsmusikk

Ferdigheiter

Studenten ..

-kan framføre eit kort tradisjonsmusikkrepertoar i solo og samspel

-kan bruke arrangeringsteknikkar som høver for folkemusikkensemble og/eller crossoverensemble

Generell kompetanse

Studenten ..

-er medviten om ny og kreativ bruk av hovudinstrumentet sitt.

Krav til forkunnskapar

Emnet er normalt eit tilbod til studentar som har gjennomført 2. studieår på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon og studentar på Integrert masterprogram i musikkterapi.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, eller Femårig integrert masterprogram i musikkterapi.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i gruppe, delvis saman med studentar på studieretning tradisjonsmusikk ved Ole Bull Akademiet dersom det ligg til rette for det. Det blir gitt noko individuell instrumental-/vokalundervisning, men det blir fokusert på repertoaret/stilen, og studenten må rekne med å kunne få ein lærar som er utøvar på eit anna instrument.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Gruppeundervisning
  • Individuell undervisning
  • Innlevering av eksamensprogram, godkjent av faglærar, innan 15. april.

 All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen

Vurderingsformer

Konsertframføring på 15 minutt. Minst 5 minutt av programmet skal vere samspel, der arrangementet er laga av studenten eller av gruppa i fellesskap. Eksamensprogram skal leverast inn seinast 15. april.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon