Musikkteori I

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnethar som mål å skjerpe studentane si forståing av tonal musikk. Ein søkjer å oppnå breidde gjennom arbeid med ulike satstypar og stilartar der funksjonell harmonikk utgjer ei overordna ramme.

Innhald:

I emnet overt det arbeidd med harmonisering, komponering, harmonisk analyse, akkordlytting, melodilesing og rytmelesing.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

*er fortruleg med standard system for notasjon av melodiar, akkordar og rytmar

* er fortruleg med akkordoppbygging og toneartar i tonal musikk

* er fortruleg med dei ulike systema for harmonisk analyse

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan identifisere melodiske og harmoniske grunnstrukturar auditivt og visuelt.

* meistrar elementær koralharmonisering

* kan bladlese enkle melodiar og rytmar

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan anvende kunnskapar og ferdigheiter frå emnet på ein sjølvstendig måte.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Førelesning/fellesundervisning, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Delta på førelesingar og gruppeundervisning.
  • Innlevering av minst 4 oppgåver i løpet av undervisningsperioden.
  • All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

    Vurderingsformer

    Vurderingsforma omfattar to eksamensdelar som er likt vekta:

    • tre timars skriftleg prøve (skuleeksamen) med mellom anna akkorddiktat, melodidiktat, harmoniserings- og analyseoppgåver.
    • Munnleg eksamen.

    Den skriftlege prøva må vere greidd før munnleg eksamen.

    Ekstern sensur med minst to sensorar.

    Karakterskala
    Bestått/ikkje bestått
    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem..
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
    Institutt
    Griegakademiet - Institutt for musikk