Musikkteori I - jazz

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.

Innhald:

I emnet vert det arbeidd med gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.

I gehør/improvisasjon vert det gitt innføring i skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse delemna er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.

I arrangering/komponering vert det gitt innføring i rytmikk, akkordlære (inkl. enkel blokkharmonisering og reharmonisering), instrumentasjon og formforståing. Delemnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan identifisere, gje att og analysere ulike rytmiske, tonale og modale strukturar gjennom lytting.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan handtere dei grunnleggjande verktøya for arrangering/harmonisering/komponering i jazzrelatert stil.

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan improvisere på eit grunnleggjande nivå med basis i jazz- og tradisjonsrelatert stil.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisning i gehør/improvisasjon og arrangering/komponering vert integrert dersom tilhøva ligg til rette for det. Undervisninga er praktisk orientert, og studentane utgjer eit basisensemble for fagleg utvikling og utprøving. Undervisninga vert gitt i form av gruppeundervisning og individuell rettleiing. Studentane vert normalt organisert i grupper på opptil seks.
Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på førelesingar

- Oppgåveinnlevering, minimum 6 oppgåver. 5 oppgåver skal inngå i mappa som inngår i vurderinga av emnet.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen består av to deler som vert vekta likt:

  • Jazzarrangering/komposisjon: Ei mappe med 5 godkjende oppgåver.
  • Gehør/improvisasjon: Munnleg eksamen.

Mappa i jazzarrangering/komposisjon må vere greidd før munnleg eksamen.

Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere faglærar i delemnet.

Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.