Musikkteori II - jazz

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å utvikle studentane sin kompetanse til skaping. Gjennom arbeid med forskjellige uttrykksformer, søkjer ein ei brei orientering, med jazztradisjon som overordna ramme.

Innhald:

Emnet består av gehør/improvisasjon og arrangering/komponering.

Sentralt i gehør/improvisasjon står instrumentell bruk av skala-/akkordrelasjon, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, enkel polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse emnedelane er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Transkribsjonsarbeid er også nytta som metode i emnet.

I arrangering/komponering skjer ei fordjuping i rytmikk, akkordlære, instrumentasjon og formforståing. Denne delen av emnet vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensembler.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan arrangere og komponere med hjelp av vidarekomne metodar og meir avanserte verktøy i jazzrelatert stil.

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan improvisere i ensemble med bruk av meir avansert skala, funksjon og rytmikk og forstår å kombinere desse i eit musikalsk uttrykk.

Generell kompetanse

Studenten ..

* kan dokumentere god evne til å kjenne att rytme og tonalitet gjennom lytting til jazzrepertoaret.

Studiepoeng, omfang

15 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i MUG110 Musikkteori I - jazz, eller tilsvarande.
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisning i gehør/improvisasjon og arrangering/komponering vert integrerte dersom tilhøva ligg til rette for det. Undervisninga er praktisk orienterte og studentane utgjer eit basisensemble for fagleg utvikling og utprøving.

I gehør/improvisasjon vert det gitt fordjuping i skala-/akkordrelasjonar, funksjonsbasert improvisasjon og modal improvisasjon, polyrytmikk, beat-/grooveforståelse i ulike tradisjonar. Basis for alle desse emnedelane er vektleggjing av interaksjon, og undervisninga foregår derfor i ensemble. Individuelt transkribsjonsarbeid er òg nytta som metode.

I arrangering/komponering vert det gjeve fordjuping i rytmikk, avansert blokkharmonisering og reharmonisering, instrumentasjon og formforståing. Undervisninga vil i størst mogleg grad vere basert på praktisk arbeid og utprøving i eigna ensemble.

Undervisning vert gitt i form av gruppeundervisning og individuell rettleiing. Studentane vert normalt organiserte i grupper på opptil seks.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- Delta på førelesingar.

- Oppgåveinnlevering, minimum 6 oppgåver. 5 oppgåver skal inngå i mappa som inngår i vurderinga av emnet.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar to delar som vert vekta likt:

  • Jazzarrangering/komposisjon: Ei mappe med 5 godkjende oppgåver.
  • Gehør/improvisasjon: Munnleg eksamen.

Mappa i jazzarrangering/komposisjon må vere greidd før munnleg eksamen.

Ein av eksamensdelane, gehør/improvisasjon eller jazzarrangering/komposisjon, vil ha ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Den andre eksamensdelen vil ha intern sensur med minst to sensorar. For begge eksamensdelane gjeld at ein av sensorane kan vere faglærar i delemnet.

Karakterskala
Bokstavkarakterar frå A til F.
Vurderingssemester
vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.