Musikkhistorie jazz

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å byggje grunnleggjande og historisk fundert forståing for jazz som musikalsk uttrykksform og kjennskap til sosio-kulturelle høve rundt jazz som fenomen.

Studiet tar opp nokre grunnleggjande problem (innhaldsmessig og metodisk) knytt til historieframstilling. Til saman skal dette skape grunnlag for ei kritisk fundert forståing for jazzhistorie.

Innhald:

Det vert gitt innføring i

- jazzens røter

- ulike retningar/epokar innanfor jazz, inkludert grunnleggjande forståing for kva som konstituerer desse, både musikalsk og sosio-kulturelt

- spesialiserte emne av jazzhistorisk relevans

- tekstanalyse/kjeldekritikk og oppgåveskriving.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kan gjere greie for hovudstaumane i jazzmusikkhistoria

Ferdigheiter

Studenten ..

*kan kjenne att eit utval sentrale komposisjonar frå jazzmusikkhistoria

Generell kompetanse

Studenten ..

* har eit språk for å beskrive ulike problemstillingar i høve til utviklinga av stilretningar og historieskriving som fagfelt.

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Krav til studierett

Studierett ved UiB. Studentar som ikkje har emnet som obligatorisk emne i sin bachelorgrad, og andre studentar med studierett ved Universitetet i Bergen, må søke om opptak til emnet innan 15. august i. Emnet har avgrensa kapasitet. Når det er naudsynt å avgrensa tilgangen, gjeld følgjande rangering:

  1. Studentar på bachelorprogrammet i utøvande musikk eller komposisjon og studentar på bachelorprogrammet i musikkvitskap
  2. Studentar på andre program på Griegakademiet - Institutt for musikk
  3. Andre studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Om emnet blir fullteikna, vil opptak av gruppe 3 skje på grunnlag av søknadstidspunkt.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga består av førelesingar og oppgåveseminar.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Delta på førelesingar og oppgåveseminar.
  • Rettleiing.
  • All undervisning er obligatorisk og må vere gjennomført og godkjent før eksamen.

    Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

    Vurderingsformer

    Vurderingsforma er ei skriftleg oppgåve og munnleg eksamen.

    • Den skriftlege oppgåva skal ha eit omfang på 7-8 sider. (Times 12, 1 ½ linjeavstand, ca. 3000 ord). Intern sensur med minst to sensorar.
    • Munnleg eksamen tek utgangspunkt i lesepensum og lytterepertoar. Ekstern sensur med minst to sensorar.

    Oppgåva og munnleg eksamen blir vekta likt.

    Karakterskala
    Bokstavkarakterar frå A til F.
    Vurderingssemester
    vår
    Litteraturliste

    Det vert lagt opp eit lesepensum på ca. 700 sider og eit felles lytterepertoar på 35-40 komposisjonar.

    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

    Emneevaluering
    Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.