Hovudinstrument klassisk 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:

* stilistisk differensiert interpretasjonsevne

* teknisk og musikalsk ferdigheit

* eit breitt repertoar

* personleg uttrykk og formidlingsevne

Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande:

* eigenferdigheit

* innstuderings- og øvingsteknikk

* instrumentkjennskap/stemmefysiologi

* interpretasjons- og repertoarforståing

* kurs i musikkteknologi

* ensemblespel

* konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek mellom anna opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etydar og primavistaspel/-song. Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingsskadar.

Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytte til relevante skolar og stilepokar.

Ensemblespel skal gje studentane erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal også akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner i grove trekk til repertoaret og tradisjonen knytt til hovudinstrumentet sitt

* kjenner instrumentet sin konstruksjon og verkemåte

Ferdigheiter

Studenten ..

* meistrar instrumentet sitt på eit kunstnarleg og teknisk nivå som svarar til repertoarkravet

Generell kompetanse

Studenten ..

* har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing

*veit kva som er gode arbeidsstillingar i øvings- og konsertsituasjonar.

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG130 Hovudinstrument klassisk 1.

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUG130 Hovudinstrument klassisk 1.

Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Arbeidsfysiologiske emne vert gitt som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Delta på følgjande undervisning:
    - individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar
    - individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant
    - fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
    - ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik. Orkesterstudier er obligatorisk for studentar på desse instrumenta: fiolin, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, obo, klarinett, fagott, horn, trompet, trombone, tuba, slagverk. (jf. eigen semesterplan)
    - prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
    - meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)
  • innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet
  • kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan)
  • All undervisning er obligatorisk.

    Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

    Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomført og godkjent før eksamen.

    Repertoarkrav:

    Minst 45 minutt solorepertoar, eventuelt med akkompagnement.

    -Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)

    Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

    Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15.oktober).

    Vurderingsformer
    Det vert normalt halde eksamen i vårsemesteret. Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 15 minutt. Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.
    Karakterskala

    Bestått/ikkje bestått

    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste

    Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

    Emneevaluering
    Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.