Hovudinstrument klassisk 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:

* stilistisk differensiert interpretasjonsevne

* teknisk og musikalsk ferdigheit

* eit breitt repertoar

* personleg uttrykk og formidlingsevne

Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande:

* eigenferdigheit

* innstuderings- og øvingsteknikk

* instrumentkjennskap/stemmefysiologi

* interpretasjons- og repertoarforståing

* improvisasjonskurs

* ensemblespel

* konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek m.a. opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.

Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingskadar.

Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepoker.

Ensemblespel skal gje studentane erfaring med relevante ensemble av ulik storleik. Studentar med piano, cembalo, orgel eller gitar som hovudinstrument skal også også akkompagnere/spele continuo som ein del av sin ensemblespelpraksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

* kjenner til og kan nytta ulike teknikkar for øving og førebuing

* kjenner til tekniske og musikalske sider ved ein brei del av repertoaret knytt til hovudinstrumentet sitt

Ferdigheiter

Studenten

* har god grunnleggjande instrumental-/vokalteknisk ferdigheit

Generell kompetanse

Studenten

* kan med rettleiing førebu konsertmedverking og gjennomføre med eit kunstnarleg tydeleg resultat.

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Greidd eksamen i emnet MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller tilsvarande. Før eksamen i emnet skal MUG117 Musikkhistorie klassisk, MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon, MUG107 Musikkteori I, og eitt av desse emna vere greidd: MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert, eller MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert.
Tilrådde forkunnskapar
ingen
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG131 Hovudinstrument klassisk 2

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUG131 Hovudinstrument klassisk 2

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklassar og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

* Delta på følgjande undervisning:

- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar

- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant

- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe

- ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik. Orkesterstudier er obligatorisk for studentar på desse instrumenta: fiolin, bratsj, cello, kontrabass, fløyte, obo, klarinett, fagott, horn, trompet, trombone, tuba, slagverk (jf. eigen semesterplan).

- prosjektveker (jf. eigen semesterplan)

- meisterklassar og seminar ( jf. eigen semesterplan)

* kurs i improvisasjon

* minimum to framføringar av solistisk karakter på interne og/eller offentlege konsertar.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

Repertoarkrav:

- Minst 90 minutt solorepertoar (inkl. 45 minutt frå MUG140 Hovudinstrument klassisk 1 eller tilsvarande), eventuelt med akkompagnement

- Samspelrepertoar (jf. spesifikk instrumentplan)

- Repertoaret skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan

15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Studenten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

Vurderingsformer

Det vert normalt halde eksamen i vårsemesteret.

Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 30 minutt (kan innehalde repertoar frå MUG140 Hovudinstrument klassisk 1). Inntil 10 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar).

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bokstavkarakter frå A til F.

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.