Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument jazz 1

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande musikar ved å utvikle:

* gehørspel/improvisasjon

* stilistisk differensiert interpretasjonsevne

* teknisk og musikalsk ferdigheit

* eit breitt repertoar

* personlig uttrykk og formidlingsevne

Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande:

* eigenferdigheit

* innstuderings- og øvingsteknikk

* instrumentkjennskap/stemmefysiologi

* interpretasjons- og repertoarforståing

* kurs i musikkteknologi

* ensemblespel

* konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap, spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/-song.

Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastingskadar.

Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til jazz som musikalsk uttrykk.

Ensemblespel skal gje studentane erfaring med relevante ensemble av ulik storleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

* viser musikalsk stilforståing knyta til sentralt repertoar fra jazzsjangeren og har ein grunnleggjande oversikt over sitt eige instruments bruk innanfor dette repertoaret.

* har generelle kunnskaper omkring sitt eige instruments konstruksjon og virkemåte.

* har grunnleggjande kunnskapar omkring eigne tekniske og musikalske styrkar og svakheiter.

Ferdigheiter

Studenten

* innehar dei mest grunnleggjande improvisatoriske ferdigheiter i forhold til sitt eige instrument og i forhold til sjangerens mest sentrale komposisjonar og formtypar.

* har starta utviklingen av ein sunn og god instrumental/vokal teknikk på instrumentet.

* har generelt gode ferdigheiter i samspelsituasjoner der ein blir utsett for ulike ensembletyper, ulikt repertoar og ulik bruk av instrumentet.

Generell kompetanse

Studenten

* viser kunstnerisk uttrykksevne og kreativitet i møte med sitt eige instrument innanfor jazzsjangeren.

* har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing og veit kva som er gode arbeidsstillingar i øvings- og konsertsituasjonar.

* innehar grunnleggjande instrumentale/vokale ferdigheiter som gjer ein istand til å realisera sine musikalske intensjonar i møte med ulikt repertoar i ulike formidlingssituasjonar.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

 Emnet erstatter MUG132 Hovudinstrument jazz 1.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Arbeidsfysiologiske emne vert gitt som klasse-/gruppeundervisning og individuell rettleiing. Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan, og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

*Delta på følgjande undervisning:

  • individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar
  • fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
  • ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
  • prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
  • meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

* innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet.

* kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan)

All undervisning er obligatorisk.

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen.

Repertoarkrav:

Minst 45 minutt repertoar/12 komposisjonar av ulik karakter

Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverast på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

Vurderingsformer

Eksamen vert normalt gjennomført i vårsemesteret. Eksamen omfattar ei konsertframføring med repertoar på 15-20 minutt. Intern sensur med minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG132 Hovudinstrument jazz 1.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

 Griegakademiet - Institutt for musikk.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon