Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument jazz 2

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som improviserande musikar ved å utvikle:

* gehørspel/improvisasjon

* stilistisk differensiert interpretasjonsevne

* teknisk og musikalsk ferdigheit

* eit breitt repertoar

* personlig uttrykk og formidlingsevne

 Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande:

* eigenferdigheit

* innstuderings- og øvingsteknikk

* instrumentkjennskap/stemmefysiologi

* interpretasjons- og repertoarforståing

* improvisasjonskurs

* ensemblespel

* konsert- og formidlingspraksis

Eigenferdigheit tek m.a. opp improvisasjonskunnskap, spele-/vokalteknikkar, skalaer og etyder og primavistaspel/- song.

Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.

Interpretasjons- og repertoarforståing tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til jazz som musikalsk uttrykk.

Ensemblespel skal gje studentane erfaring med relevante ensemble av ulik storleik.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten..

* viser god musikalsk stilforståing knyta til sentralt repertoar fra jazzsjangeren og har videreutvikla si oversikt over sitt eige instruments bruk innanfor dette repertoaret.

* har gode kunnskaper omkring sitt eige instruments konstruksjon og virkemåte.

* har utvikla sine kunnskapar omkring eigne tekniske og musikalske styrkar og svakheiter.

Ferdigheiter

Studenten ..

* har videreutvikla sine improvisatoriske ferdigheiter i forhold til sitt eige instrument og i forhold til sjangerens mest sentrale komposisjonar og formtypar.

* har komme vidare i utviklingen av ein sunn og god instrumental/vokal teknikk.

* har videreutvikla sine ferdigheiter i samspelsituasjoner der ein blir utsett for ulike ensembletyper, ulikt repertoar og ulik bruk av instrumentet.

Generell kompetanse

Studenten ..

* viser kunstnerisk uttrykksevne og kreativitet i møte med sitt eige instrument innanfor jazzsjangeren.

* har videreutvikla si kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing og veit kva som er gode arbeidsstillingar i øvings- og konsertsituasjonar.

* innehar gode instrumentale/vokale ferdigheiter som gjer ein istand til å realisera sine musikalske intensjonar i møte med ulikt repertoar i ulike formidlingssituasjonar.

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i emnet MUG142 Hovudinstrument jazz 1 eller tilsvarande. Før eksamen i emnet må MUG118 Musikkhistorie jazz eller MUF101 Musikk, kultur og samfunn, og eitt av desse emna vere greidd: MUG151 Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert eller MUG152 Utøvande støttedisiplin, klassisk klaver.

Studiepoengsreduksjon

 Emnet erstatter MUG133 Hovudinstrument jazz 2.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga vert gitt i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser og ulike ensembleaktivitetar.

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å tilrettelegge ein individuell arbeidsplan og sjå til at alle aktivitetar i emneplanen vert gjennomført.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

*Delta på følgjande undervisning:

  • individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar/-ar
  • fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe
  • ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)
  • prosjektveker (jf. eigen semesterplan)
  • meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

* improvisasjonskurs

* minimum to framføringar av solistisk og kollektiv karakter på interne og/eller offentlege konsertar, til saman min. 60 minutt.

 All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20 % fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen.

 Repertoarkrav:

Minst 90 minutt repertoar/12 komposisjonar (inkl. 45 min. frå MUG142 Hovudinstrument jazz 1) av ulik karakter. Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. april (ev. 15. oktober), godkjent av hovudinstrumentlærar.

Kandidaten gjer framlegg om eit eksamensprogram, som skal godkjennast av hovudinstrumentlærar innan 15. april (ev. 15. oktober).

Vurderingsformer

Eksamen vert normalt gjennomført i vårsemesteret.

Eksamen omfattar ei konsertframføring med min. 5 komposisjonar frå eige repertoar, til saman på 30 minutt. Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG133 Hovudinstrument jazz 2.

Vurderingssemester

vår

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar tilpassa kvart instrument/vokalfag.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon