Hovuddisiplin komposisjon 1

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å:

¿ Gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarisk uttrykk.

¿ Utvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk.

¿ Øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid.

¿ Starte studenten si bevisstgjering om mulige personlege formspråk.

Innhald:

Studiet tar opp tema som:

¿ Komposisjon som kreativ prosess.

¿ Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.

¿ Verkanalysar og repertoarforståing.

¿ Estetiske problemstillingar.

¿ Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

Emnet byggjer på dei musikkorienterande faga, vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen, og er eit innføringsemne i moderne kunstmusikalsk musikkskaping som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* kjenner det generelle repertoaret innan sentrale verk og stilar

* har grunnleggjande kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing

Ferdigheiter

Studenten ..

* behersker grunnleggjande satsteknikkar, notasjonsformer og instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag

* kan nytta datamaskin og ulik programvare i komposisjonsarbeidet

Generell kompetanse

Studenten ..

* har skaffa seg erfaring med konsert- og formidlingspraksis

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG134 Hovuddisiplin komposisjon 1

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUG134 Hovuddisiplin komposisjon 1

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten skal arbeide arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk:

  • Sjølvstendig.
  • Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.
  • Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.
  • I prosjekt.

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:

  • I rettleiing og/eller i seminarform.
  • Gjennom selvstendig lytting og/eller partiturlesing.

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeider praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.

Ev. støtteinstrument:

Studentar utan tidlegare instrumentalutdanning på høgre nivå kan etter individuell vurdering og ut frå behov verte tilbydd undervisning på relevant støtteinstrument. Ei oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennast av faglærar før framstilling til eksamen.

Kurs i musikkteknologi.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

* Delta på følgjande undervisning:

- Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum to komposisjonar som dannar grunnlag for mappevurdering

- Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne)

- Fellesforum

- Meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan)

- Prosjektveker, oppgåver i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet.

* Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar. Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

* Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike interne eller eksterne konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen.

* Innføring i folkemusikk organisert som vekekurs på Ole Bull Akademiet

* Kurs i arbeidsfysiologi (jf. eigen semesterplan).

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

Vurderingsformer

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter gjennomføring.

  • Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfattar ulike sentrale eldre og nyare homofone og polyfone teknikkar, samt instrumentasjonsløysingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle sjølvstendige komposisjoner skal i prinsippet vere tilgjengelege som partitur og lydfesting før framstilling til eksamen.
  • Ein tekst på minimum 800 ord med refleksjon over eige virke og eigne verk.
  • Eksamen blir gjennomført som mappevurdering, normalt i vårsemesteret. Mappa skal innehalde 2 - to komposisjonar/arbeidsprøver/etydar, min. 5 min. skrivne under studiet med rettleiing. Partitur skal følgjast av lydfesting. I tillegg vert det gjennomført ei samtale mellom kandidaten og kommisjonen, der arbeidet som er gjort gjennom året vert diskutert. Samtalen er ein del av vurderinga.

Intern sensur med minst ein sensor.

Innhaldet i mappa vektas likt. Innhaldet i mappa vert vurdert samla og får ein samla karakter.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått.

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk.