Hovuddisiplin komposisjon 2

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å:

  • Gje studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarisk uttrykk.
  • Utvikle ferdigheita i og kunnskapen om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk.
  • Øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar gjennom kreativt og analytisk arbeid.
  • Å gje ei systematisk oppfølging av studenten si musikkskaping som støtte til å formulere eit eige personleg uttrykk.

Innhald:

Studiet tar opp tema som:

  • Komposisjon som kreativ prosess.
  • Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon.
  • Verkanalysar og repertoarforståing.
  • Estetiske problemstillingar.
  • Rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad.

Emnet byggjer vidare på Komposisjon 1 MUG144 og dei musikkorienterande faga, vil femne delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen, og er eit innføringsemne med stor vekt på eiga musikkskaping i eit moderne kunstmusikalsk uttrykk som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

  • har ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar.
  • kjenner til og veit å nytte grunnleggjande arbeids- og førebuingsteknikkar.

Ferdigheiter

Studenten ..

  • behersker grunnleggjande satsteknikkar, notasjonsformer og instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag.
  • kan nytta datamaskin og ulik programvare i komposisjonsarbeidet.

Generell kompetanse

Studenten ..

  • har skaffa seg erfaring med konsert- og formidlingspraksis.

Studiepoeng, omfang

25 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen.

Krav til forkunnskapar

Før eksamen i MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 2 skal disse emnene være greidd:

  • MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1.
  • MUG117 Musikkhistorie klassisk.
  • MUG119 Examen Facultatum, akademisk skriving for Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.
  • MUG107 Musikkteori I.
  • MUG150 Utøvande støttedisiplin, bruksklaver, notebasert.
Fagleg overlapp

Emnet erstatter MUG135 Hovuddisiplin komposisjon 2

Studiepoengsreduksjon

Emnet erstatter MUG135 Hovuddisiplin komposisjon 2

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten arbeider med definerte oppgåver og eigne verk:

  • Sjølvstendig.
  • Gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg.
  • Gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.
  • I prosjekt.

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg. Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i samsvar med studieplanen.

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått:

  • I rettleiing og/eller i seminarform.
  • Gjennom selvstendig lytting og/eller partiturlesing.

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. I samråd med faglærar leggjast det opp eit individualpensum. Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

  • Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn.
  • Eventuelt støtteinstrument: Studentar utan tidlegare instrumentalutdanning på høgre nivå kan etter individuell vurdering verte tilbydd undervisning på relevant støtteinstrument, ut frå behov. Ei oversikt over gjennomgått repertoar og instrumentalopplæring skal godkjennast av faglærar før framstilling til eksamen.
  • Improvisasjonskurs.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum tre komposisjonar som dannar grunnlag for mappevurdering.
  • Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne).
  • Fellesforum.
  • Meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan).
  • Prosjektveker, oppgåver i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet.
  • Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar. Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.
  • Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike interne eller eksterne konsertframføringar minimum to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen.
  • Improvisasjonskurs.
  • Kurs i relevant fysiologisk arbeidsteknikk (jf. eigen semesterplan).
  • All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. I prosjektveker er det krav om 100% oppmøte i tråd med praksis i yrkesfeltet.

    Vurderingsformer

    Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter gjennomføring.

    • Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfattar ulike sentrale eldre og nyare homofone og polyfone teknikkar, samt instrumentasjonsløysingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle sjølvstendige komposisjoner skal i prinsippet vere tilgjengelege som partitur og lydfesting før framstilling til eksamen, med eventuelt unntak for verk som vert urframført på sjølve eksamenskonserten.
    • Ein tekst på minimum 800 ord med refleksjon over eige virke og eigne verk.
    • Eksamen blir gjennomført som mappevurdering som inkluderer eksamenskonsert, normalt i vårsemesteret. Mappa skal omfatte 3 komposisjonar, for ulike større eller mindre besetningar, med ei minimum samla speletid på 15 minutt, skrive under studiet under rettleiing. Det vil også vere mogleg å inkludere arbeid frå MUG144 Hovuddisiplin komposisjon 1. Partitur (eller anna verkdokumentasjon for verk i andre medium) skal normalt følgjast av lydfestingar. Studenten kan få dispensasjon frå dette lydfestingskravet i særskilde tilfelle. Minimum eit av dei innleverte verka skal ordinært framførast i konsert i forbindelse med eksamen, med sensorane til stades. Verk som vert urframført ved eksamen, er unntatt lydfestingskravet. Etter konserten vert det gjennomført ei samtale mellom kandidaten og kommisjonene, der arbeidet som er gjort gjennom året vert diskutert. Samtalen er ein del av vurderinga.

    Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar.

    Innhaldet i mappa vert vekta likt og får ein samla karakter. Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane.

    Karakterskala

    Bestått/ikkje bestått

    Vurderingssemester
    Vår
    Litteraturliste
    Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar. Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
    Programansvarleg
    Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
    Administrativt ansvarleg
    Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.
    Institutt
    Griegakademiet - Institutt for musikk