Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovuddisiplin komposisjon 2, variant B

  • Studiepoeng25
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUG147
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret (3. semester) og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet gjev studenten ei innføring i og forståing for kva som ligg bak kreative og kompositoriske prosessar, både som epokeuttrykk og som individuelt kunstnarleg uttrykk.

Emnet byggjer vidare på MUG146 Hovuddisiplin komposisjon 1, variant B og på dei musikkorienterande faga og femner i tillegg delar av den vestlege kunstmusikktradisjonen utover eige kreativt arbeid. Studenten vil øve opp vurderingsevna og den musikalske forståinga av ulike tradisjonar og epokar, og av si eiga musikkskaping gjennom kreativt og analytisk arbeid.

Studenten skal ved eksamen i MUG147 Hovuddisiplin komposisjon 2, variant B ha skaffa seg god breiddeoversikt over komposisjonsfaget og ha mottatt ei systematisk oppfølging av si eiga musikkskaping og byrja å formulere eit eige personleg uttrykk.

Emnet skal utvikle ferdigheit i og kunnskap om komposisjon, både som eit sentralt kulturberande fag innanfor musikkfeltet, og som kunstnarleg eigenuttrykk.

MUG147 Hovuddisiplin komposisjon 2, variant B er eit innføringsemne med stor vekt på eiga musikkskaping i eit moderne kunstmusikalsk uttrykk, men som også omfattar perspektiv på musikk frå tidlegare epokar.

Studenten skal arbeide sjølvstendig, gjennom individuell rettleiing med tilpassa øvingsopplegg og pensumframlegg, og gjennom aktiv deltaking i fellesseminar.

Læringsutbyte

 Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* har god breiddeoversikt over komposisjonsaget

Ferdigheiter

Studenten ..

* har byrja å formulere eit eige personleg kompositorisk uttrykk

Generell kompetanse

Studenten ..

* har god kunnskap om arbeidsteknikkar og førebuing

Krav til forkunnskapar

Greidd eksamen i MUG146 Hovuddisiplin komposisjon 1, variant B.

Emnet er eit tilbod til studentar som har gjennomført dei to første studieåra eller meir innanfor bachelorgraden i utøvande musikk eller komposisjon med spesialisering klassisk eller jazz. Nokre av dei obligatoriske aktivitetane som inngår i MUG145 Hovuddisiplin komposisjon 1 er allereie gjennomført, og treng ikkje repeterast.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet fokuserer på:

- Komposisjon som kreativ prosess

- Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon

- Verkanalysar og repertoarforståing

- Estetiske problemstillingar

- Konsert- og formidlingspraksis

Studiet byggjer på ei tett sameining mellom dei ulike delemna gjennom tilpassa undervisningsopplegg.

Hovuddisiplinlærar har eit særskild ansvar for å lage ein individuell arbeidsplan i tråd med studieplanen.

Komposisjon som kreativ prosess:

Studenten arbeidar med definerte oppgåver og eigne verk gjennom individuell rettleiing, i prosjekt og i seminar.

Komposisjonsteknikkar og instrumentasjon:

Gjennom individuelle timar, seminar og eigenarbeid blir det gjeven ei innføring i grunnleggjande satsteknikkar og grunnleggjande instrumentasjonspraksis frå mellomalder til i dag. Bruk av datamaskin høyrer med i dette arbeidet.

Verkanalysar og repertoarkunnskap:

Utvalde verk frå eldre og nyare kanon blir gjennomgått i rettleiing og/eller i seminarform. I tillegg skaffar studenten seg ei meir generell repertoaroversikt over sentrale verk og stilar gjennom lytting og/eller partiturlesing.

Eit slikt individualpensum skal utformast i samråd med faglærar.

Estetiske problemstillingar:

Komponentane ovanfor skal også granskast nærare som konkrete døme på sentrale problemstillingar kring viktige omgrep som til dømes rom, tid, meining og funksjon sett frå ein musikalsk ståstad. I samband med dette vil det i samråd med faglærar leggjast opp eit individualpensum.Dette skal vere godkjent av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

Konsert- og formidlingspraksis:

Det vert forventa at studenten på eige initiativ arbeidar praktisk med innstudering av eigne verk og etydar med ensemble og musikarar på og/eller utanfor instituttet, og at arbeid og resultat vert spelt inn. I tillegg kan studenten få oppgåver i obligatoriske prosjekt i regi av instituttet.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

*Delta på følgjande undervisning:

  • Individuell rettleiing med hovuddisiplinlærar av minimum tre komposisjonar som dannar grunnlag for mappevurdering.
  • Seminar for mindre gruppeeiningar (til dømes studentar på same studietrinn eller på same fordjupingsemne)
  • Fellesforum
  • Meisterklassar, seminar, ekskursjon o.l. (jf. eigen semesterplan)
  • Utvalde prosjektveker, i samråd med hovuddisiplinlærar

* Ei oversikt over gjennomførte arbeid og øvingar som omfattar ulike sentrale eldre og nyare homo- og polyfone teknikkar, samt instrumentasjonsløysingar skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen. Alle sjølvstendige komposisjonar skal i prinsippet vere tilgjengelege som partitur og lydfesting før framstilling til eksamen. (Ev. unntak for verk som vert urframført på sjølve eksamenskonserten.)

* Studenten skal minst ein gong i løpet av studieåret leggje fram ein verkpresentasjon eller analyse i seminar, og samstundes i arkiverbar form (tekst, lyd, video) frå seminar.

Individualpensum og seminarmedverknad skal godkjennast av faglærar før framstilling til avsluttande eksamen.

* Studenten skal ha medverka som komponist ved ulike interne eller eksterne konsertframføringar minst to gonger under studietida av emnet. Dette skal kunne dokumenterast før framstilling til avsluttande eksamen.

All undervisning er obligatorisk. Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett. Det er ein føresetnad at alle obligatoriske arbeidskrav er gjennomførte og godkjente før eksamen. Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter gjennomføring.

Vurderingsformer

Eksamen vert normalt gjennomført i vårsemesteret.

Eksamen blir gjennomført som mappevurdering. Mappa skal omfatte 3 komposisjonar, for ulike større eller mindre besetningar, med ei minimum samla speletid på 15 minutt, skrive under studiet under rettleiing. Det vil også vere mogleg å inkludere arbeid frå MUG146 Hovuddisiplin komposisjon 1, variant B.

Partitur (eller annan verkdokumentasjon for verk i andre medium) skal normalt følgjast av lydfestingar. Studenten kan få dispensasjon frå dette lydfestingskravet i særskilde tilfelle. Minimum eitt av dei innleverte verka skal ordinært framførast i konsert i forbindelse med eksamen, med sensorane til stades. Verk som vert urframført ved eksamen, er unntatt lydfestingskravet.

Ekstern sensur med ein ekstern sensor og til saman minst to sensorar. Innhaldet i mappa vert vekta likt og får ein samla karakter. Utover sjølve karakterutfallet vil kandidaten i samtale med eksamenskommisjonen få ei grundigare tilbakemelding omkring dei framlagde komposisjonane.

Karakterskala

Bokstavkarakter frå A til F

Litteraturliste

Det vert vist til relevant litteratur og lytterepertoar.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no