Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Utøvande støttedisiplin, bruksinstrument, akkordbasert

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUG151
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

5 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gje studenten eit grunnlag for å spele satsar og akkompagnement basert på akkord- og besifringssystem.

Innhald:

Studiet skal utvikle evna til å spele etter besifringsnotasjon.

Emnet tek for seg generalbasspel der når det er relevant.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

* forstår grunnlaget for akkord- og besifringssystem eller generalbass

Ferdigheiter

Studenten ..

* kan spele akkompagnement av songar basert på funksjonane T, S og D

Generell kompetanse

Studenten ..

* har utvida grunnlaget for framtidig yrkesutøving på musikkfeltet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlappar MUG130 Hovudinstrument klassisk 1 og MUG132 Hovudinstrument jazz 1 med 5 studiepoeng.

Krav til studierett

Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt på klaver eller gitar.

Individuell undervisning, eventuelt i smågrupper der det er formålstenleg.

Minimum 10 minutt repertoar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Delta på undervisning
  • Innstudere minimum 10 minuttar repertoar

Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Mappevurdering: Tre framføringar i løpet av undervisningsperioden.

Innhaldet i mappa vektas likt.

Intern sensur med minst ein sensor.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Emnet overlappar MUG130 Hovudinstrument klassisk 1 og MUG132 Hovudinstrument jazz 1 med 5 studiepoeng.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50