Utøvande støttedisiplin, trommer/rytmikk
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust
- Emnekode
- MUG153
- Talet på semester
- 2
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Mål:
Emnet skal utvikle studentane sine evner til å spele enkle rytmemønster på trommesett. Emnet skal vere eit støttefag for studentar på jazzfag som ikkje har trommer/perkusjon som hovudinstrument.
Innhald:
I studiet vert det arbeidd med grunnleggjande teknikkar og rytmar på trommer.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Studenten ..
* forstår prinsippa for rytmisk form og struktur.
* har grunnleggjande kunnskapar om samansetninga og bruken av trommesett
Ferdigheiter
Studenten ..
*kan spele og halde grunnrytmen i eit band
Generell kompetanse
Studenten ..
* har styrkt sine føresetnader for framtidig yrkesutøving på musikkfeltet
Studiepoeng, omfang
Studienivå (studiesyklus)
Undervisningssemester
Undervisninga startar i haustsemesteret og går over to semester.
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Tilrådde forkunnskapar
Fagleg overlapp
Studiepoengsreduksjon
Krav til studierett
Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning
Undervisninga blir gitt individuelt eller i smågrupper
Repertoarkrav: 3 låtar i band
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Fråvær på meir enn 20% fører til tap av eksamensrett.
Vurderingsformer
Mappevurdering: 3 framføringar i løpet av undervisningsperioden.
Innhaldet i mappa vert vekta likt.
Intern sensur med minst ein sensor.