Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Hovudinstrument for utvekslingsstudentar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUINT201
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust eller vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å førebu studenten på eit yrkesliv som musikar ved å utvikle:

- stilistisk differensiert interpretasjonsevne

- teknisk og musikalsk ferdigheit

- eit breitt repertoar

- personlig uttrykk og formidlingsevne

Innhald:

Emnet er sett saman av følgjande delemne:

- eigenferdigheit

- innstuderings- og øvingsteknikk

- instrumentkjennskap/stemmefysiologi

- interpretasjons- og repertoarkunnskap

- konsert- og formidlingspraksis.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten..

- kjenner inngåande til repertoar og tradisjonar knytta knytt til

hovudinstrumentet.

- er i ferd med å utvikle stilkunnskap og -røynsle i utøvinga.

Ferdigheiter

Studenten..

- arbeider sjølvstendig med tekniske og musikalske

problemstillingar og utfordringar.

Generell kompetanse

Studenten..

- har eigne kunstnarlege intensjonar og musikalske idear.

Krav til studierett

Studenten må være tatt opp til et utøvande studium hjå ein av UiB sine samarbeidspartnarar og ha studentstatus ved institusjonen. Studenten må normalt kunne framvise utøvande nivå tilsvarande 2. års eksamen i utøvande musikk ved UiB.

Opptak på grunnlag av prøvespel. Emnet er utelukkande for internasjonale utvekslingsstudentar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Emnet fylgjer instituttets undervisningsplan. Undervisninga vert gjeven i form av individuell rettleiing, instrumentvis rettleiing (fellestimar), felles seminar/meisterklasser

Hovudinstrumentlærar har eit særskild ansvar for å legga til rette for ein individuell arbeidsplan og sjå til at studieplanen sine krav vert fylgt.

Eigenferdigheit tek m.a. opp spele-/vokalteknikkar frå ulike sjangrar og epokar, skalaer og etydar og primavistaspel/-song.

Innstuderings- og øvingsteknikk tek opp metodar for å oppnå effektivitet i øvinga og unngå belastningsskadar.

Interpretasjons- og repertoarkunnskap tek, gjennom vurdering og utprøving, opp ulike tolkingsmåtar knytt til relevante skular og stilepoker.

I arbeid med konsert- og formidlingspraksis ligg det eit fokus på arbeid med framsyning og publikumskontakt, inkl. scenisk framføring, presentasjonsteknikk (skriftleg/munnleg) og programsamansetning i høve til ulike målgrupper

Obligatorisk undervisningsaktivitet

- individuell rettleiing med hovudinstrumentlærar

- individuell rettleiing med akkompagnatør der det er relevant

- fellesfora knytt til instrument og/eller instrumentgruppe

- meisterklassar og seminar (jf. eigen semesterplan)

Det er ein føresetnad at all obligatorisk undervisning er gjennomført og godkjent før eksamen.

Gjennomført obligatorisk undervisning er gyldig i to semester etter ordinært eksamenstidspunkt.

Repertoarkrav:

- minst 30 min. solorepertoar, eventuelt med akkompagnement

- Samspelrepertoar (jamfør spesifikk instrumentplan)

Repertoar skal dokumenterast i eksamenssemesteret og leverest på eige skjema innan 15. november eller 1. mars godkjent av hovudinstrumentlærar.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- konsertframføring på 20 minutt. Inntil 10 minutt av eksamen kan vere kammermusikk (normalt 3-9 utøvarar).

Intern sensur med minst to sensorar, kor ein av desse kan vere studenten sin hovudinstrumentlærar.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Haust eller vår

Litteraturliste

Emnet er eit praktisk emne og det vert normalt ikkje nytta pensumlitteratur.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon