Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Prosjektarbeid for utvekslingsstudentar

  • Studiepoeng15
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUINT202
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og/eller norsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

Emnet MUINT202 Prosjektarbeid for utvekslingsstudentar har et omfang på 15 studiepoeng og er normert til eitt semesters fulltidsstudium.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust eller vår

Undervisningsstad

Griegakademiet/Bergen

Mål og innhald

Ulike samspelsaktivitetar i ensemble av ulik storleik (jf. eigen semesterplan)

Prosjektveker, prosjektrelatert arbeid (jf. eigen semesterplan)

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten..

- Har kunnskap om og røynsle med samspelrepertoar knytt til sitt hovudinstrument.

Ferdigheiter

Studenten..

- Arbeider sjølvstendig som musikar i ensemblesamanhengar.

- Løyser tekniske og musikalske utfordringar innanfor ulike ensembletypar.

- Kan formidle og ta i mot uttrykk for kunstnarlege intensjonar og idear i praktisk ensemblearbeid.

Generell kompetanse

Studenten..

- Har eigne kunstnarlege intensjonar og musikalske idear

Krav til forkunnskapar

Studenten må være tatt opp til et utøvande studium hjå ein av UiB sine samarbeidspartnarar og ha studentstatus ved institusjonen. Studenten må normalt kunne framvise utøvande nivå tilsvarande 2. års eksamen i utøvande musikk ved UiB.

Opptak på grunnlag av prøvespel. Emnet er utelukkande for internasjonale utvekslingsstudentar.

Krav til studierett

Emnet er et tilbod til studentar frå utøvande studiar/komposisjon på utveksling til UiB og som er godkjende etter prøvespill.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Studenten deltar i tre av instituttets valemne i den tida studenten er ved Griegakademiet. Undervisninga kan omfatte førelesningar, seminar, prosjekt, samspel og individuell undervisning.

Det skal utarbeidas ei skriftleg avtale mellom student og institutt om kva for nokre valemne som er aktuelle og regnes som del av emnet.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

- Godkjent deltaking i de avtalte valemna.

Emneansvarlig på de avtalte valemna vil vurdere deltakinga.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Litteraturliste

Emnet er eit praktisk emne og det vert normalt ikkje nytta pensumlitteratur.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/ Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon