Hjem
Utdanning
Årsstudium

Pedagogikk 1

Undervisningssemester

Emnet startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

Arbeidet i pedagogikkemna skal sikre samspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaringar og didaktisk refleksjon. Emnet vektlegg særleg følgjande målområde:

- læraren og eleven

Målområdet læraren og eleven nærmar ein seg mellom anna ved å sjå på føresetnader for læring og utvikling, på sosialt samspel, tilpassa undervisnings- og læringsprosessar og praktisk-pedagogisk planlegging, gjennomføring og vurdering.

Læringsutbyte

Studentane skal på grunnlag av læringsmåla og det faglege innhaldet ha eit medvite forhold til eiga rolle som lærar, slik at dei på gode måtar kan planleggje, gjennomføre, vurdere, og utvikle eigen lærarpraksis, åleine og i samspel med andre.

Studenten skal kunne:

- sjå og vurdere ulike sider ved elevane sine læreføresetnader, som utvikling, motivasjon,læringsstrategiar og sosiokulturelle tilhøve

- sjå og vurdere sider ved tilpassa opplæring

- forstå grunnleggjande prosessar knytta til kommunikasjon og samarbeid i lærarrolla

Vidare skal studenten ha ei grunnleggjande forståing for korleis denne kunnskapen kjem til nytte i praktisk undervisningsarbeid.

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset at studenten er teken opp på programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 stp).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fellesundervisninga er på dagtid og omfattar mellom anna undervisningsmetodar som førelesing og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråver på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

2,5 timars skriftleg prøve i slutten av haustsemesteret som vert vurdert av to faglærarar. Prøva må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen.

Vurderingsformer

Semesteroppgåve, praksisrefleksjon på om lag 4000 ord.

To interne sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Litteraturliste

Felles pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon