Hjem
Studentsider
Årsstudium

Pedagogikk 2

Undervisningssemester

Emnet startar i haustsemesteret og går over to semester.

Mål og innhald

 Arbeidet i pedagogikkemna skal sikre samspel mellom teoretisk kunnskap, praksiserfaringar og didaktisk refleksjon. Emnet vektlegg særleg følgjande målområde:

- læraren og organisasjonen

- læraren og samfunnet

Målområda læraren og organisasjonen og læraren og samfunnet nærmar ein seg mellom annaved å sjå på skule,verdigrunnlag og samfunnsoppgåve, på skuleorganisasjonar, på yrkesetikk og yrkesrollas utøving, på endringsprosessar og på pedagogiske forsøks- og utviklingsarbeid.

Læringsutbyte

Studentane skal på grunnlag av læringsmåla og det faglege innhaldet ha eit medvite forhold til eiga rolle som lærar, slik at dei på gode måtar kan planleggje, gjennomføre, vurdere og utvikle eigen lærarpraksis, åleine og i samspel med andre.

Studenten skal:

- forstå verdigrunnlag i skule og musikkliv

- forstå og reflektere kring skule og utdanning i samfunnsperspektiv, så som endringsprosessar som påverkar skule og musikkliv

- reflektere kring og forstå lærarrolla i høve til m.a. skulekultur og yrkesetikk

Vidare skal studenten kunne bruke denne kunnskapen i kritisk refleksjon kring ulike former for musikkpedagogisk praksis.

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset at studenten er teken opp på programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 stp).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Fellesundervisninga er om føremiddagen og omfattar mellom anna undervisningsmetodar som førelesing og gruppearbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk. Fråver på meir enn 20% fører normalt til tap av eksamensrett.

2,5 timars skriftleg prøve i slutten av haustsemesteret som vert vurdert av to faglærarar. Prøva må vere godkjent før ein kan framstille seg til eksamen. 

Vurderingsformer

På grunn av situasjonen med Covid-19 har Fakultet for kunst, musikk og design endret undervisnings, eksamensform og sluttvurderingens uttrykksform for vårsemesteret 2020. De nye vurderingsordningene forholder seg til læringsutbyttebeskrivelsene, og sikrer at studenter kan følge normert studieprogresjon.

Programstyrene, instituttråd og dekan har kommet frem til en løsning, som er spesifisert her:

I emnet nyttast følgende vurderingsformar:

  • Semesteroppgåve, praksisrefleksjon 4000 ord, vår.
  • Munnleg eksamen vår, ca. 25 min, gjennomførast digitalt (zoom).

Dei to eksamensdelane vektast likt i karakterfastsettinga.

To interne og en intern sensor på oppgaven, og ein intern og ein ekstern sensor på munnleg.

Nytt vurderingsutrykk: Bestått / ikke bestått

Ordinær eksamen ville foregått på denne måten:

Semesteroppgåve, praksisrefleksjon 4000 ord, vår. 

Munnleg eksamen vår, ca. 25 min. 

Dei to eksamensdelane vektast likt i karakterfastsettinga.

To interne og ein ekstern sensor.

Karakterskala

Nytt vurderingsuttrykk: Bestått / Ikke bestått

Litteraturliste

Felles pensum.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve og munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Semesteroppgåve

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Munnleg eksamen