Hjem
Studentsider
Årsstudium

Praksisopplæring 1: Kulturskulepraksis

  • Studiepoeng0
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeMUPRA201
  • Talet på semester2
  • Språk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Praksis i musikkfagleg hovuddisiplin, til vanleg i kommunal kulturskule. Praksisen vert normalt organisert som ein ettermiddag i veka over ein lengre periode i første semester, i alt ca. 25 klokketimar inkludert rettleiing. Studentane skal i praksisen erfare ulike sider ved lærarrolla og kulturskulen som organisasjon, få høve til å ta grunngjevne yrkesetiske val, kritisk vurdere og reflektere over eigen praksis, og om tilhøva ligg til rette for det, delta i ulike typar utviklingsarbeid.

Læringsutbyte

 Studentane skal kunne undervise innafor aktuelle rammer, leie og tilpasse undervisninga og opplæringa etter elevane sine behov og føresetnader, kommunisere og samarbeide med elevar, kollegaer, leiing, foreldre og andre partar i opplæringssystemet.

Studenten skal:

- kunne planleggje, gjennomføre og vurdere undervisning i kulturskule med vekt på praksis i studentens utøvande hovuddisplin

- forstå kulturskulen som praksisarena

- forstå utøving av lærerrolla og yrkesetiske fordringar knytta til dette praksisfeltet

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset at studenten er teken opp på programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 stp).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kontinuerleg rettleiing i autentiske yrkessituasjonar med elevar, med aukande krav til sjølvstende og ansvar. Opplæringa kan omfatte einskildelevar og ulike grupperingar. Om praksislærar meiner studenten er uskikka, skal dette så snart som råd er takast opp med student og praksiskoordinator.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praksisopplæring krev 100% frammøte og god førebuing.

Vurderingsformer

 Praksis blir kontinuerlig vurdert av praksislærar, og av faglærar som gjennomfører praksisbesøk.

Vurderingsuttrykk: greidd/ikkje greidd.

Dersom studenten får ikkje greidd , vil ei heilskapleg vurdering avgjere om studenten kan ta praksisperioden ein gong til, eller om studiet må avbrytast.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Litteraturliste

Studiets praksisinformasjon.

Instrumentspesifikt repertoar og lærestoff.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no