Hjem
Utdanning
Årsstudium

Praksisopplæring 2: Grunnskolepraksis

  • Studiepoeng0
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeMUPRA202
  • Talet på semester1
  • Språk
  • Ressursar

Undervisningssemester

Vår eller haust (heiltidsstudentar haust, deltidsstudentar vår)

Mål og innhald

Praksis i musikkfaget i grunnskulen. Praksisen kan vere individuell eller i studentgrupper. Praksisen vert normalt organisert som ein 3-4 vekers periode, i alt ca. 25 klokketimar inkludert rettleiing. Studentane skal i praksisen erfare ulike sider ved lærarrolla og skulen som organisasjon, få høve til å ta grunngjevne yrkesetiske val, kritisk vurdere og reflektere over eigen praksis, og, om tilhøva ligg til rette for det, delta i ulike typar utviklingsarbeid.

Læringsutbyte

 Studentane skal kunne undervise innafor aktuelle rammer, leie og tilpasse undervisninga og opplæringa etter elevane sine behov og føresetnader, kommunisere og samarbeide med elevar, kollegaer, leiing og andre partar i opplæringssystemet.

Studenten skal:

- planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning i grunnskulen (5.-10. klasse)

- forstå grunnskulen som praksisarena

- forstå utøving av lærerrolla og yrkesetiske fordringar knytt til dette praksisfeltet

Krav til forkunnskapar

Emnet føreset at studenten er teken opp på programmet Praktisk-pedagogisk utdanning i utøvande musikk (60 stp).

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kontinuerleg rettleiing i autentiske yrkessituasjonar med elevar, med aukande krav til sjølvstende og ansvar. Opplæringa omfattar vanlegvis klassar og større grupper. Om praksislærar meiner studenten er uskikka, skal dette så snart som råd er takast opp med student og praksiskoordinator.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Praksisopplæring krev 100% frammøte og god førebuing

Vurderingsformer

Praksis blir kontinuerlig vurdert av praksislærar, og av faglærar som gjennomfører praksisbesøk.

Avsluttande vurdering med to sensorar: praksislærar og faglærar.

Vurderingsuttrykk: greidd/ikkje greidd.

Dersom studenten får ikkje greidd, vil ei heilskapleg vurdering avgjere om studenten kan ta praksisperioden ein gong til, eller om studiet må avbrytast.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd.

Litteraturliste

Studiet sin praksisinformasjon.

Repertoar og lærestoff tilpassa skuleslaget og den aktuelle praksisen.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

Griegakademiet - Institutt for musikk. E-post: studierettleiar@grieg.uib.no