Hjem
Utdanning
Årsstudium

Praksis for Praktisk-pedagogisk utdanning, musikk (heiltid)

Studiepoeng, omfang

Praksis gir ingen studiepoeng, men er ein integrert del av PPU-studiet, som er knytt til både pedagogikk- og fagdidaktikkemna.

Studienivå (studiesyklus)

Årsstudium

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust og vår

Mål og innhald

Mål

Studentane skal erfare ulike sider ved lærarrolla og dei ulike praksisane emnet omfattar. Målet er at studenten i praksis skal kunna dokumentera progresjon i eiga undervisning, både gjennom praktisk undervisningsarbeid, samt planlegging og refleksjon rundt denne. I praksisemnet skal studenten også dokumentera at dei kunnskapar og ferdigheitar han/ho har erverva i pedagogikk- og didaktikkundervisninga vert omsett i praktisk handling på dei arenaene praksisen vert gjennomførd på.

Innhald

Emnet tar opp tema som:

  • læringsmiljø, læraren si rolle som klasseleier og rollemodell, elevsamtalar og yrkesetikk
  • differensiering og tilpassa opplæring, også for elever i et fleirkulturelt læringsmiljø. Sjå den einskilde og sjå klassen under eitt.
  • planlegging, tilrettelegging og gjennomføring av opplæring, og vurdering og dokumentasjon av elevene si læring
  • formell og uformell elevvurdering
  • tiltak for elevar med særskilde behov, samarbeid med hjelpeapparatet
  • samarbeid mellom skule og heim
  • teamarbeid, skulen som organisasjon
  • endrings- og utviklingsarbeid

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgande læringsutbyte:

Kunnskap

Studenten..

  • har kunnskap om grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule som organisasjon og planane og retningslinjene desse skulane er underlagt
  • har kunnskap om korleis undervisnings-/øvingsplanlegging kan gjennomførast på ein god måte i dei ulike praksisane i studiet
  • har kunnskap om praktisk-metodiske verktøy for å undervise i dei ulike skuleslag/praksisarenaer som studiet femner om

Ferdigheiter

Studenten..

  • kan planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere/reflektere over eigen praksis med utgangspunkt i gjeldande planar for grunnskulen, vidaregåande skule og kulturskulen
  • planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere/reflektere over eigen praksis som ensembleleiar
  • kan gjennom praksis dokumentera gode faglege føresetnader for å undervise i dei praksisane studiet femner om
  • kan tilpasse si eiga praksisundervisning i samsvar dei føresetnader eleven eller elevgruppa/ensemblet har
  • kan ta grunngjevne yrkesetiske val

Generell kompetanse

Studenten..

  • kan kommunisere og samarbeide med elevar, kollegaer, leiing, foreldre og andre partar i opplæringssystemet
  • kan delta i ulike typar utviklingsarbeid

Krav til studierett

Studierett på Praktisk-pedagogisk utdanning i kunst, musikk og design.

Arbeids- og undervisningsformer

Praksisundervisninga femner om observasjon av andre si undervisning, sjølvstendig undervisning (anten individuelt eller saman med andre) og rettleiing frå praksislærar/faglærar. Deltaking i aktuelle samarbeidsforum knytt til praksis kan og inngå som del av praksis.

60 arbeidsdagar praksis skal inngå som en integrert del av studiet. Samanlikna med ein lærer sin arbeidsplan utgjer dette 500 arbeidstimar, som inkluderer undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til faglig utviklingsarbeid. Praksisemnet i musikk femnar om fire ulike praksisar.

Praksis vert normalt organisering slik:

Kulturskulepraksis

1. semester/haust

Grunnskulepraksis

1. semester/haust

Praksis i vidaregåande skule

2. semester/vår

Ensemblepraksis

2. semester/vår

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All praksis er obligatorisk. Det krev 100% frammøte og god førebuing.

Vurderingsformer

Etter kvar praksisperiode skal studenten ha ei vurdering. I emnet nyttar ein følgande vurderingsformer:

  • praksisbesøk; vurdert av praksislærer og intern sensor

Den formelle vurderinga vert gjeve i form av ein delkarakter til kvar praksis. I tillegg får studenten ei uformell vurdering for kvar praksis frå sin praksislærar.

Om ein praksisdel ikkje vert bestått, kan studenten ta den om igjen ein gong til. Dersom studenten på andre forsøk ikkje får praksis bestått, vil han/ho normalt måtte avbryte studiet.

Karakterskala

«Bestått» / «Ikkje bestått»

Vurderingssemester

Haust og vår

Emneevaluering

Undervisninga vert evaluert i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk, design v/Griegakademiet ¿ Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:studieveileder@kmd.uib

studieveileder@kmd.uib

Eksamensinformasjon