Hjem
Etter- og videreutdanning
Etter- og videreutdanning

Å forske i og på museum

Beskrivelse

Kurset Å forske i og på museum rettar seg mot museumstilsette som ynskjer å styrke kompetansen sin innan planlegging av sjølvstendige forskingsprosjekt. Å forske i og på museum er eit praktisk og teoretisk kurs som skal gi oppdatert kunnskap om relevant teori, metode og forskningsetikk samt trening i å konkretisere forskingstema. Med hjelp frå rettleiar og medstudentar skal studentane skrive ei prosjektskisse som kan danne grunnlag for eit konkret forskingsprosjekt. Prosjekta kan til dømes vere basert på samlingane i eit bestemt museum, vere formulert innan ein museumsrelevant tematikk, eller dreie seg om musea si rolle i samfunnet.

Å forske i og på museum er eit deltidsstudium på 15 studiepoeng, basert på tre samlingar à tre dagar i haustsemesteret, med forelesingar, seminardiskusjonar og grupperettleiing, samt individuell rettleiing på nett mellom samlingane. 


Målgruppe

Tilsette i museumssektoren som ynskjer å styrke kompetansen sin innan planlegging av sjølvstendige forskingsprosjekt. Dersom det er plassar, er emnet og ope for studentar med studierett på eit studieprogram ved AHKR.

Undervisning

Tre samlingar à tre dagar i haustsemesteret, med forelesingar, seminardiskusjonar og grupperettleiing, samt individuell rettleiing på nett mellom samlingane. Det er ein føresetnad at studentane arbeidar med emnet også mellom samlingane. Arbeidsomfanget tilsvarar om lag 2,5 månaders fulltidsstudiar. Det er obligatorisk deltaking på alle samlingane.

Alle samlingane foregår på Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap:
Seminarrom 1, Øysteinsgate 3, Bergen

Samlingar hausten 2019:

Onsdag - fredag i veke 35, 39 og 45

1. samling: 28. - 30. august
2. samling: 25. - 27. september
3. samling: 6. - 8. november

Vurdering / eksamen

Innlevering av prosjektskisse på om lag 10-15 sider, som vert vurdert til greidd/ikkje greidd. Skissa vert utarbeidd med rettleiing. Det vert utarbeidd ei felles litteraturliste på om lag 600-800 sider. I tillegg legg studentane opp ei individuell litteraturliste på om lag 600-800 sider.  Den individuelle litteraturlista skal godkjennast av faglærar før innlevering av prosjektskissa.

Innleveringsfrist hausten 2019: 1. desember

Krav til datautstyr

Datamaskin med tilgang til internett.

Studiefinansiering

Kurset er utan studieavgift, men studenten/arbeidsgjevar må sjølv dekke reise og opphald ved samlingane. Godkjent for støtte frå Lånekassen.

Opptaks- og forkunnskapskrav

For opptak til vidareutdanning ved UiB krev ein generell studiekompetanse eller realkompetanse. Til dette kurset er det i tillegg krav om fullført universitets- eller høgskoleutdanning på bachelornivå eller tilsvarande.  

Dersom du vil ta kurset, må du søke plass innan oppgitt søknadsfrist og legge ved dokumentasjon på tidligare utdanning samt ei kort skildring av tematikken som søkjaren ynskjer å arbeide med (maks. ei A4-side). Skildringa må vise korleis det planlagte prosjektet kan inngå i strategien til museet der du er tilsett.

Søknadane vert vurderte sentral referansegruppe som prioriterer kandidatane etter følgjande kriterium:

1. Tilgjengeleg rettleiingskompetanse. Vi kan rettleie prosjekt med humanistisk innretning (arkeologi, historie, kulturvitskap)
2. Kvaliteten på søknaden
3. Søknaden sin relevans for heimeinstitusjonen til søkjaren
4. Søkjarens geografiske og institusjonelle tilknytting. Vi ønskjer at studentane skal representere heile landet og spegle mangfaldet i museumssektoren.

Kontakt

Kontakt

UiB Videre
55 58 20 40
videre@uib.no

Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap
museum@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Prosjektskildring

    Innleveringsfrist
    02.12.2019, 13:00
    Trekkfrist
    17.11.2019
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen

Tilgjengelege kurs

Haust 2019
Pris: Ikkje studieavgift
Søknadsfrist: Frist utløpt