Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkterapeutisk bruksmusikk

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Undervisningssemester

Haust og vår. Undervisninga går over to semester.

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk

Mål og innhald

Emnet gjev ei praktisk og teoretisk innføring i musikkterapeutisk bruksmusikk, altså musikk og musiseringsformer som kan fungere sosialt i brukssituasjonar som er aktuelle i musikkterapien. Undervisning i emnet gjev eit fundament knytt til musikk, gjennom forståing av grunnleggjande musikkteori og oppøving av praktisk musikkdugleik.

Emnet inneheld fleire komponentar:

Høyrelære/satslære

Innhaldskomponentar i kurset i høyrelære/satslære er: kunnskap om toneartar, skalaer og harmonikk, transkripsjon av melodi, rytme og harmonisk skjema i enkeltlåtar (såkalla "plukking" av låtar), og arrangering for to, tre og fire stemmer, i relevante sjangrar. Kurset blir undervist i grupper på maksimum åtte studentar.

Bruksinstrument

Bruksinstrument skal vere eit aktuelt akkompagnementsinstrument, vanlegvis piano eller gitar, og det anbefalast at studentar undervises i sitt svakaste bruksinstrument (gitar eller piano). Studenten bør utvikle dugleik på følgjande område: Besifringsspel og bladspel (på gitar eventuelt spel etter tabulatur), gehørspel og transponering. I den grad det er rom for det, kan ein også arbeide med improvisasjon. Undervisninga tar særleg sikte på å setje studenten i stand til å akkompagnere song- og instrumentalaktivitetar og å forme eit musikalsk uttrykk ut frå det musikalske materialet som føreligg (sjå også emneplanane for MUTP302 og MUTP303).

Seminar i afrikansk musikk

Kurset omfattar eit seminar i afrikansk perkusjon og/eller dans.

 

Vekeskurs i norsk folkemusikk

Studentane får ei innføring i norsk folkemusikktradisjon ved å følgje vekeskurs i folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet.

 

Korprosjekt ved Griegakademiet

Studentane får røynsle med musikkutøving i klassisk tradisjon gjennom deltaking på Griegakademiet sine korprosjekt i samarbeid med aktuelle orkester.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten har grunnleggande teoretisk kunnskap i musikk og kan delta musikalsk i praksisundervisninga på studiet.

Dugleikar
Studenten har grunnleggande praktisk dugleik i musikk og kan nyttiggjere seg undervisninga på andre musikkrelaterte emne i studiet.

Generell kompetanse
Studenten er kvalifisert til å engasjere andre menneske i helsefremjande musikalsk praksis.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar inkluderer teoretisk og praktisk dugleik i musikk minimum tilsvarande godt avgangsnivå for musikklinje på vidaregåande skule. Praktisk dugleik i musikk må omfatte hovudinstrumentdugleik og bruksmusikkompetanse på eit akkompagnementsinstrument. Breidde i høve til (bi)instrument og sjangerkunnskap er ein fordel.

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga inkluderer førelesingar, gruppeoppgåver og aktiv musisering. Arbeid med emnet krev aktiv eigeninnsats av studenten i form av øving, bruksmusikkarrangering osb.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar:

- Kurs i bruksinstrument
- Kurs i høyrelære/satslære
- Kurs i afrikansk perkusjon og/eller dans
- Vekeskurs i norsk folkemusikk og folkedans ved Ole Bull Akademiet
- Deltaking i korprosjekt ved Griegakademiet

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen. Fråvær på meir enn 20 % fører normalt til tap av eksamensrett.

Vurderingsformer

Eksamen omfattar dugleiksprøve på aktuelt bruksinstrument, der studenten dokumenterer tilfredsstillande musikalsk framgang, tilfredsstillande musikkteoretisk forståing, og dugleik som ville kunne fungere i ein musikkterapeutisk arbeidssituasjon.

Intern sensur med minst to sensorar.

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd 

Litteraturliste

Pensum er på ca. 200 sider. Eiga litteraturliste blir utarbeidd. I tillegg kjem aktuelt notemateriale og sjangerinformasjon.

Emneevaluering

Det blir gjennomført evaluering i form av spørjeskjema. Ein skriftleg rapport blir utarbeidd.

Administrativt ansvarleg

Fakultet for kunst, musikk og design v/Griegakademiet - Institutt for musikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Tlf 55 58 69 50

Eksamensinformasjon