Musikkterapiteori

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet gjev ei oversikt over sentrale musikkterapeutiske teoriar, med rom for refleksjon over forholdet mellom teori, forsking og praksis. Det er tre hovudkomponentar i emnet:

Sentrale omgrep og musikkterapeutiske grunnlagsproblem

Kurset gjev ein introduksjon til musikkterapiteori i historisk og kulturell kontekst, med vekt på korleis teori har vore knytt til ulike musikk-, menneske- og kunnskapssyn og til ulike praksisformer og forskingstradisjonar.

Musikkterapiens tverrfaglege tradisjonar

I eit systematisk perspektiv blir musikkterapiens relasjon til andre akademiske fag som medisin, psykologi, musikkvitskap, kultur- og samfunnsvitskapane, og til kunstnerisk utviklingsarbeid presentert og diskutert.

Skriveseminar

Gjennom semesteret vert det arrangert kortare skriveseminar som del av undervisninga, som ei innføring i akademisk skriving i musikkterapi. Seminara er knytt til tre mappeinnleveringar med tilbakemelding, sjå vurderingsformer.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten ..

- viser forståing av dei viktigaste omgrepa, teoriane og forskingstradisjonane i musikkterapifaget

Dugleikar

Studenten ..

- kan reflektere over forholdet mellom teori, forsking og praksis

Generell kompetanse

Studenten ..

- har utvikla grunnleggjande dugleik i akademisk skriving, med evne til å presentere og vurdere musikkterapeutisk teori

Fulltid/deltid

Fulltid

Studiepoeng, omfang

10 stp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk
Krav til forkunnskapar
Gjennomført og bestått MUTP100 / Innføring i musikkterapi.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Femårig integrert masterprogram i musikkterapi ved UiB.
Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ca. 12 forelesingar med variert undervisningsform som samarbeid i gruppe og sjølvstendige skriftlege arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs.

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.

Obligatoriske arbeidskrav: Mappeinnlevering av to oppgåver kvar på 2000 ord.

Første tekst skal vere knytt til komponenten Sentrale omgrep og musikkterapeutiske grunnlagsproblem.

Andre tekst skal vere knytt til komponenten Musikkterapiens tverrfaglege tradisjonar.

Det blir gitt tilbakemelding på kvar tekst.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Ei skriftleg oppgåve. Studenten vel sjølv ei av dei to tekstane (sjå obligatoriske arbeidskrav) som leveres til endelig vurdering. Oppgåva skal vere på omlag 2000 ord.

Minst to sensorar der ein av dei skal vera ekstern.

Karakterskala

Bokstavkarakterar frå A til F.

Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste

Pensum er på ca. 700 sider. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering
Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Administrativt ansvarleg
Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.