Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Musikkering (Musicking)

Studiepoeng, omfang

10 stp.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor 

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår 

Undervisningsstad

Griegakademiet - Institutt for musikk 

Mål og innhald

Emnet gir ei praktisk og teoretisk innføring i musicking, her kalla musikkering. Omgrepet musicking vart konstruert av Christopher Small i 1998 og viser til musikk som sosial og situert aktivitet. I MUTP104 fungerer musikkering som sosial aktivitet som byggjer på ein fellesmenneskeleg kommunikativ musikalitet. Emnet byggjer òg på moglegheiter og avgrensningar i ulike musikalske tradisjonar, og på den kompetansen og preferansen som kvart einskild menneske bringer har med seg inn gjennom sine musikalske erfaringar.

Emnet inneheld to hovudkomponentar som begge inneheld både praktiske og teoretiske aspekt:

Musikalsk identitet og livshistorie

Studentane utforskar sin eigen musikalske identitet og livshistorie, gjennom arbeid med ein musikalsk sjølvbiografi der øving på og kjennskap til eigne instrument inngår, både hovudinstrument og ulike biinstrument.

Musikalsk persepsjon og praksis

Studentane utviklar sin musikalske persepsjon og sin dugleik på instrument gjennom arbeid med å identifisere, beskrive, notere og imitere musikalsk lyd. Grunnleggjande lydelement som klang, tonehøgde og volum, og grunnleggjande musikalske element som rytme, melodi og harmoni blir sett i samanheng med dynamikk, form og arrangement. Studentane vil dessutan arbeide med grunnleggjande teknikkar for å byggje musikalske strukturar, slik som akkordrundgang (vamp), rytmisk rundgang, repetisjon, riff, tema med variasjon, modulering, drone, osb.

Læringsutbyte

Ved avslutta emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, dugleikar og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten ..

- viser forståing av sine eigne instrument, med ei evne til å relatere dette til eigen og andre sin musikalske sjølvbiografi

Dugleikar
Studenten ..

- kan identifisere, beskrive, notere og imitere musikalsk lyd

- har vidareutvikla sin musikalske persepsjon og sin dugleik på instrument

- kan arbeide med grunnleggjande lydelement, musikalske element og formelement

Generell kompetanse
Studenten ..

- kan uttrykke seg på instrument og samhandle musikalsk

- viser evne til refleksjon om egen musikkutøving og musikalske identitet

Krav til forkunnskapar

Studenten må ha fullført MUTP100 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Femårig integrert masterprogram i musikkterapi ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga blir gitt i form av ca.12 førelesingar, gruppearbeid, praktiske øvingar og studentframlegg.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

All undervisning er obligatorisk og omfattar fleire komponentar/kurs.

Fråvær på meir enn 20 % i ein eller fleire av komponentane i emnet fører normalt til tap av eksamensrett.

Obligatorisk arbeidskrav: I løpet av semesteret skal kvar student gjennomføre ein presentasjon på 15 minutt, med utgangspunkt i komponenten Musikalsk identitet og livshistorie. Presentasjonen skal innehalde eit munnleg framlegg om eiga musikalske livshistorie og ei framføring på eige instrument knytt til dette.

Kvar student skal gjennom semesteret ha levert inn minimum eitt gruppearrangement av eit musikkstykke som førebuing til eksamen.

Det er ein føresetnad at alle obligatoriske aktivitetar er gjennomførte og godkjende før eksamen.

Vurderingsformer

Mappeinnlevering: Mappa skal innehalde:

a) Eit refleksjonsnotat om studentens arbeid med musikalsk identitet og livshistorie gjennom semesteret. Notatet må innehalde minimum 3 eksempel frå prosessen, og skal vere på ca. 2000 ord.

b) Som supplement til refleksjonsnotatet, ei samling lyd- eller videoopptak på til saman ca. 15 minutt. Denne kan innehalde munnlege innlegg, lydeksempel og/eller film knytt til musikalsk identitet og livshistorie.
c) Eit gruppearrangement av eit musikkstykke.

Alle skriftlege arbeids skal ha 1,5 linjeavstand og 12 pkt. skrift.

Intern sensur med minst to sensorar.

Dei ulike eksamensdelar vert vekta likt. 

Karakterskala

Greidd/Ikkje greidd

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Pensum er på ca. 700 sider. Eiga litteraturliste blir utarbeidd.

Emneevaluering

Evaluering blir gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Griegakademiet - Institutt for musikk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@kmd.uib.no

Eksamensinformasjon